Lokal | 06. aug. 2015

Sjekk det monsteret!

Søskenbarna Even (12), Peder (14) og Eva Jentoft (12) fekk eit beist av ein havål utanfor Halhjem.

Sjekk det monsteret!
Even Jentoft (12) og fetteren Peder Saltskår Jentoft (14) er glade for at dei klarte å få havålen om bord og med heim til hytta. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. aug. 2015 20:41

Bildeserie:

Havålen var 170 cm lang og vog heile 26 kilo. (Privat foto)
Havålen var 170 cm lang og vog heile 26 kilo. (Privat foto)
1 av 1
Havålen var 170 cm lang og vog heile 26 kilo. (Privat foto)

Dei var på hyttetur utanfor Halhjem, søskenparet Peder og Eva Saltskår Jentoft og fetteren Even Jentoft, då dei fann ut at dei skulle fiska litt med garn.

Garna sette dei i sjøen ikkje så langt frå brygga. Etter nokre dagar med lite fangst blei det brått tyngre å få garnet om bord.

– Vi visste ikkje om det var éin stor eller mange små, seier Even om sommarens største fangst.

I garnet var det ein havål som viste seg å vera 170 cm lang og 26 kilo tung!

– Det var ingen vaksne med oss, men vi klarte å få han om bord i båten. Det var utruleg kjekt å få så stor fisk, synest Even.

Liten båt - stor fisk

Det var ein stolt gjeng som kom heim til hytta med den enorme fangsten.

Fisken, som dei først trudde var ei lange, var livleg heilt til dei var tilbake til brygga. Dei tre søskenbarna kjørte ein Askeladden på 14 fot, så vidt stor nok til den neste to meter lange havålen.

Even sin far, Hugo, er ein erfaren dykkar, og såg med éin gong at dette var ein havål, ein noko meir muskuløs og aggressiv fisk enn lange.

– Eg har sett havål når eg har dykka, på nattdykk. Det var veldig spennande! Det er ein flott fisk, men det blei ikkje middag av den, fortel Hugo.

I 2009 blei ein dykkar frå Drammen angripen av ein havål av tilsvarande storleik (les meir og sjå bilde på dt.no).

Kan bli tre meter

Den største havålen som er tatt på stang i Noreg er truleg ein på 207 cm og 30,1 kilo som blei tatt utanfor Karmøy i 2009 (les meir og sjå bilde på haugesund-avis.no).

Havål kan bli opptil tre meter lang, men hannen blir berre rundt éin meter.

Forskjellen på ål og havål, bortsett frå storleiken, er blant anna at havål har underbitt og store, ovale auge (mens ålen har små og runde).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.