Sport | 30. juni 2010

- Sjekk fakta, Sandal

- Vi har 76-24 i målforskjell på 7 kampar og møter gjerne Lysekloster til treningskamp, seier oldboys-keeper Vidar Hjelle.

- Sjekk fakta, Sandal
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. juni 2010 10:27

Skrytelista Lysekloster-trenaren la fram i dag har ikkje gått Os sitt oldboyslag hus forbi.

- Ørjan Sandal seier Lysekloster er einaste lag i Hordaland som har skåra over 50 mål før sommaren. Medan dei har 52-14 på 9 kampar har vi 76-24 på 7 kampar, fortel Vidar Hjelle.

Os sitt oldboyslag har vore suverene i fleire år, og starta årets serie med 21-3-siger over Ask. For to år sidan blei serien redusert frå 11-ar til 7-arfotball, og fleire oldboyslag har skåra over 50 mål til no.

- Det betyr lite at vi speler 7-ar, Sandal påstår at dei har skåra mest uansett nivå. Vi har ikkje tapt sidan Kniksen spelte på Brann, seier Hjelle, og veit at han set seg sjølv i Sandal-standard når det gjeld faktasjekk.

For eit og anna tap skal ha blitt fortrengt i stallen av gamle Os-spelarar.

- Vi møter gjerne Lysekloster til treningskamp i sommar, så kan vi sjå kven som skårar mest.

- Skulle ikkje haustsesongen deira bli så god kan dei dessutan låna ein krinsmeister-pin av oss. Det er berre til å ringa Rolf Matre. Dei siste åra har han ikkje fått igjen hanskerommet på bilen sin fordi det har vore så fullt av medaljar, ler Vidar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.