Søre Neset J9 og J10 saman med Emilie Nautnes og Kristine Karstad. (Privat foto)

Sjekk kven som kom innom Søre Neset si trening

– Unge jenter som speler fotball fortener kvinnelege forbilde, seier trenaren.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Då dei yngre jentelaga til Søre Neset il gradvis blei reduserte frå 14-15 til 10 spelarar tok trenarane grep.

– Eg kontakta Arna-Bjørnar og spurde om vi kunne få sjå ein av kampane deira, fortel Jorunn Staverløkk.

Sjølv speler ho på Os sitt damelag, i fjor på 11-arlaget som rykte opp i år, denne sesongen på det nystarta 7-arlaget som vann serien.

– Det skjer mykje bra med jente- og kvinnefotball i Os, men eg tenkte det kunne vera kjekt for jentene å sjå Toppserie-fotball. Og snakk om å bli tatt imot med opne armar.

Før sommaren var Søre Neset J9 og J10 til Arna, saman med jentelag frå Os, ikkje berre for å vera tilskodarar, dei fekk vera maskot. På Tine Fotballskule i sommar dukka Kristine Karstad og Rikke Bogetveit Nygard uanmeldt opp for å helsa på. Jentene har òg vore og sett kamp i haust.

Så fekk dei brått ein epost der klubben spurde om to av Toppserie-spelarane kunne få koma på besk på Søre Neset sitt anlegg på Bjørnen.

– Viktige forbilde

Staverløkk fortel om veldig god velkomst hos Arna-Bjørnar, både av klubben og av spelarane, som er snille og flinke med dei unge fotballjentene.

– Vi blei jo kjempeglade då dei spurde om å få koma her og leia ei trening. Emilie Nautnes, som nett er tatt ut på landslaget, kom saman med Kristine Espetvedt Karstad.

– Jentene har gledd seg veldig, og fekk ei kjempefin tid saman med Toppserie-spelarane. Vi set veldig stor pris på at dei tar seg så godt av dei unge spelarane.

Den einaste bakdelen med Staverløkk sitt initiativ, er at jentene tydelegvis ikkje har høyrd andre vaksne snakka så mykje om Arna-Bjørnar. Dette gav eit litt komisk utslag.

– Foreldra til ei av jentene kom bort til meg og sa at dottera uttalte Arna-Bjørnar med rulle-r, og at dei måtte retta ho over på skarre-r, seier trenaren, som opprinneleg er frå Trøndelag, og ler.

Så blir ho litt meir alvorleg.

– Eg synest både trenarane til jentelag, og foreldre til jenter som speler fotball, kan bli flinkare å gi spelarane gode, kvinneleg forbilde. Jenter fortener å høyra om andre spelarar enn dei som speler på Brann, Liverpool og Barcelona. Å vera og sjå heimekamp med Arna-Bjørnar er ei stor oppleving, og kan gi mykje inspirasjon til ei ung jente. Det å ha nokon å identifisera seg med har i alle fall fungert godt hos oss.

Fleire saker