Kultur | 28. feb. 2013

Sjekk reaksjonen!

VIDEO: Det var vill jubel i klubbhuset då Idol-Eirik blei ropt opp som ein av to vinnarar av semifinalen. – No blir det fleire vaker, seier bandkamerat Kjetil Osablod Grønvigh.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. feb. 2013 09:48

Onsdag gjekk osingen Eirik Søfteland og Ola Weel Skram frå Sogndal vidare frå fjerde av fem semifinalar i Idol.

Les òg: – Jaaaaa!

Rockaren Eirik opplever enorm støtte i heimbygda og hadde i tillegg til 15 osingar med seg i salen på direktesendinga over 70 venar og supportarar som hadde samla seg i klubbhuset på Kuventræ.

– Når Eirik no hadde kome så langt, og hadde sjansen på å koma inn som topp 10, ville eg at vi skulle legga til rette for at vi kunne sitja ein gjeng saman, seier Kjetil Osabld Grønvigh.

Grønvigh er leiar i Os Rockeklubb og jobbar ved kultureininga i Os kommune. I tillegg er han trommespelar i eit av dei tre banda Søfteland speler med, KingCalling.

– Og det blei jo kjempegøy - ein stor suksess, seier Kjetil.

Over 70 små og store

– Eg er glad vi fekk låna klubbhuset på Kuventræ - og for at det kom så mange store og små sjølv om det ikkje hadde vore særleg annonsert.

Over 70 tok turen til Kuventræ for å følgja Eirik. Og sjølv om rundt halvparten hadde med seg små ungar og gjekk heim i pausen i 21-tida, var det kjempestemning då Eirik blei ropt opp først som ein av dei to som gjekk vidare til finalerundane.

– No må vi laga fleire Idol-vaker, kanskje i aukande skala i takt med Eirik sin suksess. Han kan nå endå lengre, trur Kjetil.

Her ser du stemninga i klubbhuset i går:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.