Lokal | 13. mars 2017

Sjekk russen si rekordinnsamling!

Samla inn over 177.000 kroner: Både Os Gymnas og Os vidaregåande skule sette ny rekord i årets Krafttak mot kreft-aksjon.

Sjekk russen si rekordinnsamling!
Russen frå Os Gymnas og Os vgs henta bøsser i gymsalen på gymnaset. Så kom den store jobben med å telja pengar! (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. mars 2017 20:57

Bildeserie:

Til saman 90 elevar, same tal som i fjor, deltok i aksjonen. (Privat foto)
Til saman 90 elevar, same tal som i fjor, deltok i aksjonen. (Privat foto)
Etter henting av bøsser fekk dei tildelt område å gå i. (Privat foto)
Etter henting av bøsser fekk dei tildelt område å gå i. (Privat foto)
God organisering og god gjennomføring. (Privat foto)
God organisering og god gjennomføring. (Privat foto)
Russepresiden Anders Skaar samla åleine inn over 6.800 kroner. (Foto: KVB)
Russepresiden Anders Skaar samla åleine inn over 6.800 kroner. (Foto: KVB)
1 av 4

Måndag for ei veke sidan hadde dei kickoff med handbak i kantina, i går gjekk 90 russ frå Os Gymnas med bøsser i årets Krafttak mot kreft-aksjon.

• Les meir og sjå video: Tok solide krafttak mot kreft

– Russen frå Os vgs og Os Gymnas samla seg på gymnaset, der vi hadde utdeling av bøsser og tildeling av område å gå i, fortel russepresident ved Os vgs, Henrik Vågen.

30 russ frå Os vgs og 90 frå Os Gymnas møtte opp.

Til saman samla dei inn heile 177.243 kroner, over 30.000 kroner meir enn rekordåret 2015!

– Vi blei veldig godt tatt imot. Dei fleste gjekk frå hus til hus, andre sto på strategiske plassar, som ein ferjekai, som viste seg å bli god butikk.

– Vi har òg fått inn nokre sponsorar. Desse har gjeve direkte til Kreftforeningen, så vi har ikkje oversikt over kor store beløp det er snakk om. Men det kjem i tillegg til 177.000, seier Guro Drange Veglo, ein av dei aksjonsansvarlege ved Os Gymnas.

Fekk inn 6800 kroner på éi bøsse

Os vgs stilte med 30 bøssebærarar og fekk inn 52.050 (i snitt 1735 kroner per elev).

Os Gymnas hadde 60 bøssebærarar og fekk inn 125.193 kroner (i snitt 2087 kroner per elev).

Den som samla inn mest på Os vgs var Trym Corneliussen, som fekk inn nesten 5000 kroner på éi bøsse.

På Os Gymnas var det intern konkurranse med premie, og her stakk russepresident Anders Skaar av med bestemannspremien. Skaar fekk inn heile 6.852 kroner!

Russen fekk nok nytte av at Vipps har blitt utbreidd, 13.550 av Os vgs sine 52.050 kroner kom inn via Vipps.

Tal frå tidlegare år

Midtsiden har fått inn sum frå Os vgs og Os Gymnas dei fleste åra dei har deltatt i aksjonen.

Her er summen av det skulane har fått inn dei siste åra.

2010: 66.000 kroner
2011: 78.346 kroner
2013: 104.000 kroner (inkl 6000 kr frå Kongshaug)
2014: 141.000 kroner
2015: 146.125 kroner
2016: 130.000 (103.000 på Os Gymnas + 27.000 på Os vgs)
2017 177.243 (125.000 på Os Gymnas + 52.000 på Os vgs)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.