Lokal | 09. nov. 2020

Sjekka dekk og kjetting - delte ut 12 gebyr

Vegvesenet hadde kontroll på Halhjem søndag.

Sjekka dekk og kjetting - delte ut 12 gebyr
Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem ferjekai i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. nov. 2020 08:19

Statens vegvesen hadde i går trafikkontroll på Halhjem ferjekai med hovudfokus på vinterutrusting.

26 tunge og 6 lette køyretøy blei kontrollert.

– Det blei skrive ut 8 gebyr for dårlege dekk og 4 gebyr for manglande kjettingar, fortel kontrollansvarleg Terje Bødtker.

Dekkgebyr åleine kom til saman opp i 16.000 kroner.

I tillegg blei det 2 meldte forhold, 4 avskiltingar/bruksforbod og 11 skriftlege manglar.

– Den eine blei meldt for brot på køyre- og kviletid, den andre for manglande YSK (yrkessjåførkompetanse).

Dei som fekk bruksforbod hadde blant anna køyrd spesialtransport utanfor lovleg tidsperiode, og for brei bil (2,80 meter).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.