Lokal | 25. mars 2020

Sjekka hamner og hytteområde

Politiet på forebyggande runde.

Sjekka hamner og hytteområde
Politiet var blant anna i Øyane for å sjekka hamner og hyttefelt. (Foto: Bjørnafjorden lensmannskontor)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. mars 2020 08:50

Politiet i Os var tysdag på ein runde i fleire hamner og hytteområde i bygda.

– Vi har hatt tjuveri av store påhengsmotorar den siste tida, og vi har smitteverntiltaka, som gjerne gjer at folk ikkje reiser på hytta, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet fann ikkje noko å reagera på, verken teikn til innbrot eller uønskt opphald på hyttene.

– Sjølv om kommunen ikkje vil ha hytteturistar i denne tida, er det ikkje forbode å ta ein dagstur for å sjå til hytta, om du bur i nærleiken.

– Det er òg fint om lokale turgåarar og båtfolk følgjer med og melder ifrå, om dei ser uvedkomande i hamner eller ved fritidsbustadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.