Politi | 11. aug. 2022

Sjekka lett MC: Éin stakk av, tre blei avskilta

UP hadde fartskontroll, lokalt politi kontrollerte MC og bil.

Sjekka lett MC: Éin stakk av, tre blei avskilta
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. aug. 2022 08:04

Onsdag i 21.50-tida kontrollerte politiet fire motorsyklar i kategorien lett MC.

– Ein av motorsyklistane stakk frå staden då patruljen kom. Vedkomande mangla skilt, og er meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet la seg ikkje etter, og kjenner foreløpig ikkje identiteten til vedkomande, men vil gjera nokre undersøkingar for å finna det ut.

– Dei tre andre syklane blei avskilta på staden grunna tekniske manglar. Dei hadde manglar som slitte dekk, manglande lys, spegl og blinklys.

Førarane er unge, frå 16 til 19 år gamle.

Køyrde bil utan førarkort

I 09.40-tida onsdag formiddag stoppa politiet ein bil på Hatvikvegen.

Bilførar, ein mann i 40-åra, har ikkje lappen, og blir meldt for forholdet.

Bilen blei parkert på staden.

Fire forelegg på Halhjemsvegen

I 14.30-tida i går hadde UP fartskontroll i ei 70-sone på Halhjemsvegen.

Det blei skrive ut fire forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 86 km/t, noko som resulterte i eit forelegg på 5.150 kroner og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.