Lokal | 04. mai 2019

Sjekka tungtransport og russebilar

Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem ferjekai.

Sjekka tungtransport og russebilar
Statens vegvesen hadde to kontrollar i Os i går, i Hjellemarka og på Halhjem. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mai 2019 07:21

Russebilar på veg til Landstreff Stavanger blei kontrollert av Statens vegvesen før dei fekk køyra på ferja fredag ettermiddag kveld.

Vegvesenet hadde kontroll både på Halhjem og i Hjellemarka, og sjekka òg køyre- og kviletid, kabotasje og generell trafikktryggleik.

– Vi har ingenting å melda om russen, seier John Kåre Larsen i sin rapport frå kontrollen.

Men på tungtrafikken var det eitt og anna å utsetja.

To av fire som blei sjekka for køyre- og kviletid fekk skriftleg åtvaring, tre fekk bruksforbod fordi det sto gjenstandar i siktlinja i førarhuset og éin blei avskilta grunna manglande periodisk kontroll.

Ein annan fekk gebyr for manglande vognkort, og fekk bruksforbod fordi køyretøyet er utanlandsk.

Det blei skrive ut tre tekniske manglar, to på lys og éin på dekk og felg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.