Lokal | 25. juli 2017

Sjeldan krabbe-art tatt i Bjørnafjorden

Har du sett ein sånn før?

Sjeldan krabbe-art tatt i Bjørnafjorden
Denne krabben blei fiske på 300 meters djupne i Bjørnafjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. juli 2017 08:37

Bildeserie:

– Det er truleg ein art i Geryon-slekta, seier forskar Otte Bjelland. (Foto: KVB)
– Det er truleg ein art i Geryon-slekta, seier forskar Otte Bjelland. (Foto: KVB)
No heng den som pynt på naustveggen. (Foto: KVB)
No heng den som pynt på naustveggen. (Foto: KVB)
1 av 2
– Det er truleg ein art i Geryon-slekta, seier forskar Otte Bjelland. (Foto: KVB)
No heng den som pynt på naustveggen. (Foto: KVB)

Gunnar Bruarøy frå Søre Øyane i Os har vore hobbyfiskar i over 50 år. Denne sommaren fekk han ein krabbe som ikkje liknar på noko han har fått før.

Krabben er fiska med teiner på litt over 300 meters djupne i Bjørnafjorden.

– Eg har vist den til ein nabo som jobbar på Havforskningsinstituttet, han meiner det er åtte år sidan sist det blei tatt ein sånn på desse trakter, og at det var på Fedje, fortel Gunnar.

Avisa Nordhordland fortalde i 2010 om ein sjeldan krabbe ikkje heilt ulik fangsten til Gunnar. Denne blei tatt utanfor Byrknes, i Sogn, rett nord for Fedje.

Forskar:– Dette er truleg ein «Geryon»

«Familie» er over «slekt» i systematikken som biologane sorterer etter. Både krabben i Nordhordland og Gunnar sin fangst er etter alt å dømma i Geryonidae-familien. I denne familien er det fleire slekter, krabben som blei tatt ved Byrknes i 2010 er truleg i Chaceon-slekta, som har over 20 artar.

– Denne krabben til Gunnar har meir markerte taggar på skalet, og ser ut til å vera noko mindre enn den som blei tatt i Nordhordland. Eg vil tru dette er ein «Geryon», seier forskar Otte Bjelland til Midtsiden.

Desse krabbane er så sjeldne at dei ikkje har noko norsk namn, men nokre av artane i desse slektene blir kalla «deepsea red crab» på engelsk.

– Sjølv om den ikkje har fått norsk namn kan vi godt kalla den for «rødkrabbe», seier Bjelland.

Krabbane lever frå 200 til 1800 meters djupne. Det er lite lesestoff å finna på internett om desse krabbane, her er ein liten oversikt frå Wikipedia, og her kan du lesa om rødkrabben det blir fiska kommersielt på.

Fleire artar frå sør

Mens det i Atlanterhavet blir drive kommersielt fiske etter deepsea red crab er det meir sjeldan at Havforskningsinstituttet får inn rapportar om denne typen fangst.

– Vi har avtalar med fiskarar langs heile kysten om rapportering, blant anna har vi hatt tilsvarande med far og son Elling og Johannes Røttingen frå Os tidlegare. Det resulterer gjerne i éin til to meldingar om liknande krabbar per år, blant anna frå Møre.

– Generelt vil eg seia at det ser ut til å vera samanfallande med krabbe og fisk, at vi får noko fleire rapportar om sørlege artar no enn før.

• Les òg: Fekk to eksotiske artar på same garn (med lenkjer til ei rekke spennande fangstar i Os)

– Har de indikasjon på om artane er på innmarsj, eller om dei trugar andre, eksisterande artar?

– Nei. Det er vanskeleg å seia kor stort omfang det er, og har vore. Krabbane lever gjerne på hard botn, mens det blir tråla på mjukare botn. I fjordane er det ikkje tråling, og det er stort sett frå fjordane at vi har fått rapportar om desse krabbane.

– Det kan òg vera fleire årsaker til at vi får noko aukande rapportar om sjeldne artar. Fiskarane har med seg mobiltelefon, som i dag er det same som fotoapparat, i tillegg er kanskje publikum, aviser og lokalaviser meir nysgjerrige på dette.

– Eg synest det er veldig kjekt at folk melder ifrå, og at avisene bringer litt biologi ut til lesarane sine, seier Bjelland.

God fangst på djupt vatn

Krabben som Gunnar fekk blei tatt på over 300 meters djupne i Bjørnafjorden, med teine.

Bruarøy har lånt vekk dei vanlege krabbeteinene sine til barnebarnet Isak, sjølv driv han no med fisketeiner etter brosme på djupare vatn i Bjørnafjorden.

– Dei fiskar godt, du må jo djupna for å få noko fisk i fjorden no for tida, har eg inntrykk av.

– Eg starta med ti teiner, no har eg mista fire, og eg får både brosme og lange, opptil 100 kilo i veka.

Litt bifangst blir det òg.

– Det blir meir og meir av den som ser ut som ein liten russarkrabbe, eg har vore oppi femten på same teine.

Snøkrabbe (Chionoecetes opilio) liknar på kongekrabbe, blir sett på som ein delikatesse (godt.no), og har blitt Gunnar sin nye favoritt.

Den nyfiska rødkrabben hamna ikkje under majonesen, den heng på familien sitt naust som pynt.

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.