Lokal | 03. okt. 2018

Sjøen var ikkje for alle?

Innstrammingar frå Sjøfartsdirektoratet skaper bølgjer lang kysten. For oselvarmiljøet kan dette få store ringverknader.

Sjøen var ikkje for alle?
Kvart år får alle 9. klassingane i Os prøva å ro, segla og ausa. Her er 9b frå Søfteland, anno 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 03. okt. 2018 08:37

– Dette har vi snakka om ei tid allereie, seier dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Vidar Langeland.

– Slik vi oppfattar Sjøfartsdirektoratet sine forslag, blir det vanskeleg å senda born og ungdom ut i båt slik vi har gjort til no.

Definisjonar vert endra

I Sjøfartsdirektoratet sine endringar vil praksisen med bruk av båtar nytta i skule, i barnehage og i frivillige organisasjonar verta skjerpa inn. Kort sagt vil Sjøfartsdirektoratet definera slik praksis som næring.

Dette løyser brått ut heilt andre, og mykje strengare krav. Strengare krav til båtføraren, og strengare krav til kva utstyr ein må ha med seg.

Reaksjonane kom momentant.

Heftige krav

– Eg har stor forståing for at tryggleik ligg bak dette forslaget frå Sjøfartsdirektoratet, seier Langeland, men det er mykje viktig arbeid som kan verta råka.

Langeland syner til ei sak kor ein barnehage på Askøy, som i god tru har nytta mykje båt i kvardagen, no står rådlause att på land.

– Dei vart til slutt så oppgjevne at dei engasjerte Private Barnehagers Landsforbund og Høgre-politikar Tom-Christer Nilsen, han òg frå Askøy.

Saka hamna til slutt på bordet til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Kva vert utfordringane for Oselvarverkstaden om desse endringane trer i kraft?

– Kvart år stiller vi med to tilsette og følgjebåt i to veker for å kursa 9. klassingane i Os i bruk av båt, oppførsel i båt og andre relevante tema som knutar og tauverk, seier Langeland.

– Dette gjer vi saman med Oselvarlaget, som stiller med mannskap og båtar til segling og roing. Det heile er ein del av «Den kulturelle skulesekken» som kommunen står bak.

– Skal vi no reknast som eit reieri som driv med næring, må vi syta for at følgjande er på plass hos den som er båtførar:

• Fritidsskippersertifikat, (120-130 timar), tryggleikskurs, kurs i passasjer- og krisehandtering, VHF-kurs og helseerklæring

– Lista med krav til båten, i vårt tilfelle, oselvaren er i beste fall imponerande, seier Langeland;

• 2 stk. VHF-radioar og reservekraftkjelde for 6 timar

• Oppdaterte kart og nautiske publikasjonar

• Redningsflåte, med kapasitet til alle om bord

• Eigna, CE-merka flyteutstyr med minst 100 N oppdrift til alle om bord

• Livbøye med lys

• Ein flytande kastering festa til 30 meter flytande line

• Tre fallskjermlys og tre handbluss

• Ei redningsgrind eller tilsvarande til å plukka opp folk av vatnet med

Store ringverknadar

Ein lettare oppgjeven Langeland kan ikkje hugsa å ha høyrt om ei einaste uønskt hending dei åra Oselvarverkstaden har vore involvert i arbeidet med å skulera ungdom i god sjømannskunnskap.

– Vi har i seinare tid diskutert at vi burde ta livredningskurs, men det seier jo seg sjølv at vi alltid har tryggleik i fokus. Til sjuande og sist er det skulen som har ansvaret for elevane, men det verste som har skjedd er vel at nokre ungdomar har vorte vel ivrige i båten, og til slutt har hamna i sjøen, fortel Langeland.

– Då vart dei berre kliss blaut, noko som kan henda alle og einkvan når ein oppheld seg på eller ved sjøen.

– Vert det mogleg for Oselvarverkstaden å koma desse føreslegne lovendringane imøte, slik at ein kan halda fram med å ha skuleungdom på besøk?

– Eg kan ikkje sjå at det er økonomisk mogleg å gjennomføra dette, nei, svarer Langeland. Vi får berre håpa at ei eventuell høyringsrunde, og det faktum at saka allereie har vore på bordet til næringsministeren, kan påverka det endelege resultatet i fornuftig retning.

Oppgjevne

Leiar i Oselvarnaustet, Egil Rundhovde, fortel at saka vart diskutert på eit møte seinast i går kveld.

– Vi er oppgjevne, og vi vekslar mellom å le og å rista på hovudet over innstrammingane i regelverket.

– For oss vil ei handheving av desse reglane få store konsekvensar. Vi vil ikkje kunna ha opplegget med 9. klassingane kvart år, vi vil ikkje kunna ta Torsdagklubben, speidarar eller flyktningar ut i båt.

– Då står vi att med rein teori på kaien, og mogleheita til å læra born og unge godt båtvett forsvinn.

Leiaren i Oselvarverkstaden fortel vidare at dei no saman med Oselvarverkstaden sender spørsmålet vidare til Os kommune, som sit med ansvaret for borna.

– Vonleg vil reaksjonane til innstrammingane nå fram til Sjøfartdirektoratet seier Rundhovde, men nett no må berre venta på at saka går sin gang i systemet.

Dette veit vi om

Rådgjevar ved oppvekst i Os kommune, Knut Vidar Garlid seier at dei er informert om saka.

– Vi kjem til å følgja saka nøye vidare, og vi kjem vi til å syta for at alle rektorar og styrarar veit om at det kan verta endringar med praksisen.

– Det har ikkje kome noko offisielt frå Utdanningsdirektoratet til no, men kjem det endringar i lovverket skal vi sjølvsagt setja oss inn det nye regelverket og følgja dette, seier Garlid.

– Eg veit at i tillegg til 9. klassingane sitt årlege prosjekt med Oselvarar, er det ein del skuleaktivitet med båt i Os. Heldigvis er det er ei god stund til neste båtsesong, så vi har enno tid til å ta eventuelle endringar og vurderingar.

Kva seier så næringsministeren?

Høgre-politikar Tom Christer Nilsen fekk svar frå næringsminister Tor Røe Isaksen, og les du heile svaret (Stortinget.no) kan du finna eit snev av løysing på saka. Mellom anna har Røe Isaksen bede Sjøfartdirektoratet sjå på gjeldande regelverket for fartøy som fører 12 eller færre passasjerar, og at dei i den samanhengen samstundes vurderer kvalifikasjonskrava. Næringsministeren uttaler at han tek sikte på at eit revidert regelverk vert sendt på høyring hausten 2018.

Barnehagar og skular kan ifølgje Sjøfartsdirektoratet søkja om dispensasjon frå regelverket: «Et eksempel på alternativ som kan være sikkerhetsmessig forsvarlig, er dersom det gjøres kompenserende tiltak. For eksempel at vedkommende som skal føra båten har annen type erfaring/bakgrunn som er relevant opp mot kravet som stilles til fritidsbåtskippersertifikat. Men, det føres en streng praksis for å gi unntak fra kravet».

Midtsiden følgjer saka vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.