Lokal | 15. feb. 2020

Sjølvplukka og heimelaga til innsats for andre

Sanitetskvinner i Os er i gang med årets mest innbringande aktivitet.

Sjølvplukka og heimelaga til innsats for andre
Borghild Midtbø og Vigdis Thunold på Amfisenteret med fastelavnsris. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. feb. 2020 07:38

I desse dagar blir det selt fastelavnsris på dørene, og på Amfisenteret, i Os.

– Heile prosessen er veldig kjekk og sosial, frå klipping av bjørkeris i skogen til produksjon og sal, seier Borghild Midtbø og Vigdis Thunold.

Dei har avtalar med grunneigarar, og går i skogen og klipper bjørkeris sjølv. Fjørene blir kjøpt med streng, så er det produksjon i Kløvertun nokre dagar før dei kan gå ut og selja.

– Vi har vore rundt ti medlemmar som har sete i produksjonen i år, så det gjekk fort. Vi har laga 300 ris, og håper å få selt alle.

Det er fem sanitetsforeningar i Os, minst tre av dei sel fastelavnsris desse dagane.

For Os sin del er det årets mest innbringande aksjon. Pengane går til Norske Kvinners Sanitetsforening sitt arbeid for andre.

Forsking og tryggleik

Mens fleire av sanitetskvinnene i Os går på dørene med fastelavnsris, sit Borghild og Vigdis på senteret. Der deler dei òg ut informasjon om nokre av NKS sine fokusområde.

NKS har 42.000 medlemmar fordelt på 620 lokalforeiningar, og dei engasjerer seg spesielt i kvinner si helse, barn og unge, trygge lokalsamfunn og forsking og utvikling.

Sanitetskvinnene.no skriv på eigne heimesider at 2020 vil bli iet rekordår for Sanitetskvinnene si satsing på forsking. Med midlar frå NKS' forskningsfond og Stiftelsen Dam blir det starta opp heile 13 nye forskingsprosjekt innan kvinne- og barnehelse i år.

«Til å rise foreldrene før de står opp om morgenen»

Kva er fastelavn - og kva er historia til fastelavnsris? Dette skriv Wikipedia:

Fastelavn er et ord som stammer fra det nedertyske ordet for «kvelden før fasten», det vil si de siste tre dagene før fastetiden, den romersk-katolske kirkens fasteperiode på 40 dager før påske, ikke medregnet søndager.

I Norge er det vanlig å plukke inn bjerkegreiner og lage fastelavnsris. Fastelavnsris er blitt solgt av Norske kvinners sanitetsforening etter krigen, med fargede fjær i primærfarger blant grenene. Fargede ris i oppsatser selges fra januar/februar og står fremme frem til fastelavn.

Opprinnelig kunne fastelavnsriset brukes til å rise foreldre før de stod opp om morgenen, som et fruktbarhetssymbol. Risene skulle brukes for å vekke til live fruktbarheten til kvinner, dyr og trær.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.