Lokal | 05. juni 2015

Sju søkjarar på ny leiarstilling

Kommunalsjef Line Rye vil styrka leiarteamet sitt med ein fagsjef for skule og barnehagar. Desse har søkt på stillinga.

Sju søkjarar på ny leiarstilling
Kommunalsjef Line Rye vil styrka leiarteamet sitt. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juni 2015 13:19

Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, er i ferd med å styrka laget sitt.

– Dette er ei nyoppretta stilling. Frå før har vi ei leiargruppe med representantar frå barnevern, førebyggande helse, PPT og kultur. Den nye fagsjefen får ansvar for skule og kommunale barnehagar, fortel Rye.

Det betyr at rektorane og styrarane i dei to kommunale barnehagane skal rapportera til den nye fagsjefen.

– I prosjektet «betre læringsresultat» er det lagt vekt på tidleg innsats. Barnehagane er med på å danna grunnlaget for god læring i skulen, og denne koplinga mellom barnehage og skule er med på å gjera fagsjef-stillinga spesiell og kanskje også ekstra interessant.

Sju søkjarar

Måndag gjekk søknadsfristen ut.

To av søkjarane har fått innvilga anonymitet, ei 42 år gamal kvinne og ein 48 år gamal mann, begge står også utan bustadkommune i lista.

Dei fem andre er:
Siv Elisabeth Akse (49) frå Godvik (skuleleiar)
Kristin Olsen (46) frå Nesttun (styrar)
Camilla Askevold (36) frå Hauglandshella (pedagogisk psykologisk rådgjevar)
Per Olav Sørås (57) frå Os (kommunalsjef)
Eva Aarness (52) frå Oslo (rektor/dagleg leiar)

– Blant desse har vi fleire vi vil ha inn til intervju.

– Vi legg opp til ein rask prosess og håper å ha ei beslutning før sommarferien, seier Rye.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.