Sport | 17. juli 2019

Sjuk start på årets revejakt

Ein raudrev med skabb blei felt på Halhjem i går.

Sjuk start på årets revejakt
Reven blei felt nær Halhjem Gartneri og er destruert grunna smittefare. (Privat foto: Lars Ole Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juli 2019 12:20

Han ville ikkje bry viltkontaktane med oppdraget, jegeren som fekk melding om rev med skabb i eige nærområde.

– Sidan jakttida starta måndag så kunne eg ta han sjølv, seier Lars Ole Lunde.

Jakttida på raudrev er frå 15. juli til 15. april.

Tysdag felte han reven i nærleiken av Halhjem Gartneri.

Ein av fleire?

Det hender fleire gongar i året at viltkontaktane i Os får melding om rev med skabb, men med mindre dei rykker ut på fersk observasjon, eller går i ei felle, kan det vera tidkrevjande å finna dei for den skal stå for avlivinga.

I påsken kom det inn 4-5 meldingar frå blant anna Prestegardsskogen og Lekven. Det blei sett ut feller på Lekven og ein sjuk rev blei avliva i Banktjørnhaugen.

– Rundt sankthans blei det observert rev med skabb i Ferstadvågen. Eg veit ikkje om dette er den same, men eg fekk melding i førre veke og har vore og sett etter den nokre kveldar, fortel Lunde.

– For å unngå smitte så skal den destruerast, så den gjekk på bålet, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.