Kultur | 10. juli 2011

Skaathun fekk hund

Laurdag blei skulptursymposiet avslutta med loddtrekning og val av skulpturar.

Skaathun fekk hund
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. juli 2011 06:16

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

To veker med internasjonalt skulptursymposium i Vognhallen i Os sentrum er over. Os Kulturutvikling kan gle seg over nok eit vellukka arrangement, det sjuande i rekkja.

12 kunstnarar, 6 av dei frå Italia, 2 frå Noreg, 2 frå Romania, éi frå Nederland og éin frå Togo (Afrika), 4 av dei i Os for første gong.

– Ei stor takk til deg Arne Mæland, og ditt nettverk, for den fantastiske tradisjonen de har skapt her i Os, sa fungerande ordførar Marie Bruarøy (H), då ho laurdag opna seremonien med tildeling av skulpturar til kjøparane.

Etter start med Ossongen av ekteparet Ruth Elin og Karl Ole (kommunaldirektør) Midtbø og ein varm velkomsttale av initiativtakar og kunstnar Arne Mæland heldt ordføraren fram på engelsk - truleg til stor glede for dei internasjonale gjestane.

Helsing frå ambassaden

I år, for første gong, møtte direktør for Det italienske kulturinstituttet i Oslo, Sergio Scapin på symposium i Os. Han skal ha blitt fengsla av både Oseana-omvisinga fredag og av symposiet, der fleire italienarar er godt representert.

– Noreg og Italia har lenge hatt sterke band når det kjem til kunst og kultur, og de det har her i Os er ein viktig del av dette, sa Scapin, som også helste frå Italia sin ambassadør i Noreg, Antonio Bandini.

Politi og kinderegg

Som vanleg hadde arrangørane, Os Kulturutvikling, selt skulpturar på førehand. 10 av dei 12 kunstnarane hadde større skulpturar for sal.

Os kommune hadde på førehand betalt ekstra for eit bestillingsverk av Knut Bryn. Denne skulpturen skal stå i Oseana.

Kjøparane av dei ni andre visste ikkje kva skulptur dei enda opp med før i dag. Politiet stilte opp for å trekkja ut kven som kunne velja først. Lappane med firmanamna låg i tomme plastkapslar frå kinderegg.

Her er kjøparane og kven sin kunst dei valte, i alfabetisk rekkefølgje.

Blænes Eiendom AS - Boutros Romhein, Syria/Italia
Bøe & Lepsøy AS - Marina Bors, Romania
Bård Lyssand - Knut Hetleflåt, Norge
Fanteria AS - Simonetta Baldini, Italia
Grieg Foundation - Petre Virgiliu Mogosanu, Romania
H-Vinduet Magnor AS - Fabio Rebora, Italia
Ola Braanaas - Karen van Ommeren, Nederland
Os Næringspark AS - Tony Casanelli, Italia
Skaathun Bilverksted AS - Simona Bocchi, Italia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.