Næringsliv | 05. apr. 2013

Skaathun i ny kjede

– No ligg det til rette for endå fleire glasrute-oppdrag, seier Ole Viggo Skaathun frå Skaathun Bilverksted AS.

Skaathun i ny kjede
Ole Viggo Skaathun (i midten) fekk med seg gode hjelparar du han skulle ha buss-frontruta på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. apr. 2013 13:55

Ole Viggo Skaathun har drive verkstad sidan 1994, kjøpte konkursramma Os Bilverksted i 2001 og opna i stort nybygd verkstad i Kolskogen i august 2005.

Mekanisk, karosseri og lakk, også for lastebil og buss, har vore viktigaste del av drifta, men Skaathun er blant få bilverkstadar som har skifta øydelagte bilglas sjølv.

– Det har blitt 60-70 ruter i året, men no er det duka for meir, seier Ole Viggo.

Får hand om forsikringsskadar

Frå før er verkstaden med i Mekonomen-kjeden, frå 1. april er Skaathun Bilverksted også med i Riis Bilglass-kjeden.

– Den største forskjellen er at vi tidlegare ikkje fekk inn forsikringsskader på bilglas, forsikringsselskapa vel reine bilglas-kjeder. Nå vi no er Riis-verkstad kjem det nok ein del fleire oppdrag.

– Vi blei verkstad nummer 105 i rekkja, seier Skaathun om den over 140 år gamle norske kjeden, før han gjekk inn i storbil-hallen for å skifta frontrute på ein Osbuss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.