Næringsliv | 17. sep. 2014

Skaathun styrkar laget sitt

Skaathun Bilverksted aukar satsinga på bruktbil og har fått med seg ringreven Arvid Mjånes, som har 38 års fartstid hos Jæger.

Skaathun styrkar laget sitt
Leiar for mekanisk, karrosseri og sal, f.v.; Frode Wold, innehavar Ole Viggo Skaathun og Arvid Mjånes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. sep. 2014 20:42

Bildeserie:

Det er allereie fleire bilar i utstulling hos Skaathun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det er allereie fleire bilar i utstulling hos Skaathun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I tillegg til utvida satsing er verkstaden blitt større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I tillegg til utvida satsing er verkstaden blitt større. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Skaathun Bilverksted AS har utvida og bruker no heile hallen i Kolskogheiane sjølv. Ein telefon frå Arvid Mjånes fekk dessutan innehavar Ole Viggo Skaathun til å koma med ei ny satsing.

– Vi har selt 10-12 bruktbilar i året utan å annonsera det nokon stad. Men då Arvid ringte var det berre å gripa sjansen og gå for ei utviding.

38 år med sal av bil

Arvid Mjånes har jobba med sal av Toyota, Lexus og BMW i 38 år. Han starta med å selja brukte lastebilar og varebilar og har seinare vore salssjef for både nye og brukte bilar hos Jæger i Bergen.

– Ein periode eg var litt lei av å pendla til by'n og av å jobba laurdagar tok eg eit par telefonar til folk i bilbransjen i Os. Ole Viggo var ikkje sein med å ringa opp igjen, fortel Arvid.

Tre bein å stå på

Skaathun er stor på både mekanisk og karrosseri, der han også har plass til å lakkera bussar og lastebilar.

– Med auka satsing på bruktbil blir det endå meir komplett. Eg kom i gang rett etter ferien. Nett no har vi fire bilar ståande, men vi vil ut og kjøpa inn fleire.

– Vi skal ha bilar til både ungdom, far og mor, i hovudsak frå 50.000 til 200.000 i prisklasse.

Den viktige servicen

Det er ikkje berre kundepleie Arvid er opptatt av etter nesten 40 år i bransjen.

– Bilane skal også ha service, og serviceheftet er saman med tilstandsrapporten viktige dokument når vi skal ta inn bilar.

– Folk skal vera trygge også når dei kjøper bruktbil. Serviceheftet er ein viktig ting å sjekka, har førre eigar slurva kan det dukka opp overraskingar du ikkje set pris på.

Skaathun, Mjånes og Wold driv no med planlegging og ommøblering inne og ute, for å få mest mogleg effektiv utnytting av bilsenteret i Industrivegen. Til helga skal dei dessutan ut og visa seg på Osmessa med utstilling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.