Lokal | 11. mars 2015

Skadd av ferjelemmen

Ein matros på MF «Fosen» fekk ferjelemmen i brystet onsdag kveld, og Hatvik-Venjaneset blei innstilt i over to timar.

Skadd av ferjelemmen
Matrosen blei skadd då bommen skulle opnast. Ulykka skjedde på Venjaneset, mens ferja på bildet ligg på Hatvik. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. mars 2015 21:19

I 18-tida onsdag kveld kom det melding om eit uhell om bord i MF «Fosen», som går mellom Hatvik og Venjaneset.

Ein matros i 20-åra blei skadd av lemmen då denne skulle opnast på Venjaneset, skriv BT.no.

Matrosen blei sjekka av lege på staden og skal berre vera lettare skadd.

Ferja blei innstilt fram til klokka 20.20.

Arbeidstilsynet er varsla. Politiet var ferdig på staden klokka 19.30, ifølgje BT.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.