Lokal | 06. mars 2012

Skadd av fiskeutstyr?

Stranda niser på Hatvik kan ha blitt drept før dei hamna i fjøresteinene.

Skadd av fiskeutstyr?
Her er nisa som er stranda på nordsida av Hatvika. (Foto: Greg Wierzbinski)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. mars 2012 07:51

Søndag fortalte Midtsiden om funn av to skrottar av noko som ser ut som stranda niser på Hatvik.

Les òg: Fann stranda kval

Dei to nisene er ikkje dei einaste som har lagt i fjørene i Hatvik den siste tida, og årsaka til at dei har hamna der er truleg fiske.

Niser på begge sider

– Eg fann ei nise på Hatvik søndag 4. februar. Den låg der framleis 12. februar, det var då eg tok desse bilda, fortel Greg Wierzbinski.

Ifølgje koordinatane Wierzbinski har sendt oss ligg nisa på bilda i ei fjøre utanfor Kilen (sjå grøn pil i kart), på motsett side av Hatvika i forhold til dei to Midtsiden tok bilde av laurdag kveld, på Hatvikneset (raud prikk i kartet).

Gjekk i garnet

Wierzbinski meiner det er tydeleg at nisa han har funne er skadd av fiskeredskap.

– Nisa har fleire spor etter garn på seg.Første gong eg gjekk forbi var det flo, så då tok eg bilde av den fine sida av nisa. Etterpå var det fjøre, då såg eg dei stygge merka.

– No er over 50 prosent av nisa eten opp. Eg har sett måsar og havørn sitja og eta på den, fortel han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.