Lokal | 25. mars 2021

Skadd hjortekalv låg igjen i vegen

Bilist køyrde vidare etter påkøyrsle.

Skadd hjortekalv låg igjen i vegen
Hjortekalven blei påkøyrd på Røykenes. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mars 2021 07:56

Torsdag klokka 05.47 fekk politiet melding om påkøyrd hjort på E39 Byvegen på Røykenes.

– Meldar fann ein påkøyrd hjort. Det er uvisst kven som køyrde på den, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda ifrå.

Les meir om plikter og tips på vegvesen.no

Viltkontakt blei varsla.

– Kalven låg i vegbanen då eg kom fram. Den blei flytta og avliva, og skal seinare bli henta av Vegtrafikksentralen, fortel Espen Krüger Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.