Redningsetatane rykte ut til Halhjem i kveld. (Arkivfoto: KVB)
Redningsetatane rykte ut til Halhjem i kveld. (Arkivfoto: KVB)

Skadd i MC-ulykke

Ambulanse, brannvesen og politi rykte ut til Halhjem ferjekai søndag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
25. mars 2012 - 20:34

Søndag i 20-tida kom melding om ulykke på Halhjem ferjekai.

– Ein motorsykkel på veg av ferja kom borti ein bil, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Den kvinnelege MC-føraren skal ha blitt frakta til legevakt med lettare skade i ein fot.

Kva som var årsaka til ulykka er førebels uvisst.