Sport | 02. nov. 2017

Skadeskutt på 5. plass

Med berre ein innbyttar og to skader trengde Søre Neset både smertestillande og tape for å berge 5. plassen.

Skadeskutt på 5. plass
Søre Neset, her mot Gneist U19 vann pulja si (privat foto)
Andris Hamretorsdag 02. nov. 2017 10:01

Bildeserie:

Laget er ei blanding av røynde og nye spelarar (privat foto)
Laget er ei blanding av røynde og nye spelarar (privat foto)
1 av 1
Laget er ei blanding av røynde og nye spelarar (privat foto)

Volleyballherrene til Søre Neset spelte søndag sesongens første turnering i Øystese. På herresida er serien til tredjedivisjon og gutter u19 slått saman og blir spelt over fire helger med fleire kampar kvar helg.

– Vi er eit lag med god blanding av spelarar som har spelt volleyball i fleire år i bedriftsserie eller som juniorar og nybyrjarar som er heilt nye i herrelaget og dermed har fått ei bratt læringskurve, fortel Joris van der Meijden til Midtsiden.

Vann pulja

Søre Neset møtte Kvernbit og Gneist u19 i det innleiande puljespelet.

– Kverbit er alltid like spennande å møte. Vi har både tap og siger mot dei tidlegare. Søndag blei det siger 2-0 etter ein god kamp kor vi kjem godt i gang og tar kjapt leiinga. Det skurrar rett nok litt i forsvar og mottak, men det gjer ikkje utslag på kampen.

– Mot Gneist får utfordringane våre i forsvar og mottak litt større betydning. Vi taper det første settet og speler ganske jamnt i starten på andre, men etterkvart får vi overtaket og vinn settet. I det tredje går det berre ein retning, siger til Søre Neset, seier van der Meijden.

Tapte kvartfinalen

Som puljevinnar gjekk Søre Neset rett i kvartfinalen og møtte BSI 2.

– Dei har vi også møtt tidlegare med varierande resultat. Første settet var veldig jamnt, men BSI tok ledelsen i slutten av settet og vi klarte ikkje å henta dei inn att. I det andre settet var det igjen mottaket som ikkje satt og vi kom ikkje bra nok fram til å få nok press i angrepet. Kampen blei difor tapt 0-2.

Handa hovna opp

Sjølv om dei tapte kvartfinalen var ikkje turneringa over. I kamp om 5-8 plass møtte Søre Neset Manger.

– Det er eit lag vi ikkje har møtt før. Det eineste vi visste var at dei var slått ut i kvartfinalen av Viking U19, som seinare vann heile turneringa.

– Første sett vinn vi etter å ha tatt leiinga i slutten av settet. Halvvegs ut i andre settet er vi uheldige og ein av spillarane skadar handa. Is hjalp ikkje, hevelsen kom med ein gang. Vi nytta den einaste innbyttaren vi hadde, noko som gjorde at fleire sto i posisjonar dei ikkje pleier. Likevel tok vi heim sigeren.

Smertestillande og tape

I den avgjerande kampen om femte plassen møtte volleyballherrane eit ungt Strandvik-lag.

– Siden vi snart blir same kommune, måtte vi jo vise dei korleis volleyball skal spelast. Men det var ikkje enkelt, for dei har mange gode spelarar og er ein god del yngre enn oss, noko vi merka både på spenst og uthaldenheit. Vi må innrømma at vi byrja kjenne det etter fem kampar.

– Første settet vinn vi på erfaring. Andre settet startar jamnt, men igjen er vi uheldige og får ei skade. Denne gang er det eit kne som set spelaren ut av spel. Han som skada handa tidlegare i turneringa får i seg ibux, paracet og får tapa handa stramt nok til å klare å stille på banen.

– Vi taper settet, men reiser oss i det tredje og tar ledelsen. Den gav vi ikkje frå oss, fortel Joris van der Meijden, som er nøgd med femteplassen og at dei no har tre veker på seg for å få lega alle sår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.