Skal brenna ned bygg i Ulven leir

Laurdag klokka 09.30 startar øvinga, i 12-13-tida skal bygget brennast ned. Her kan du sjå bildeserie frå førre store nedbrenning i leiren.

Skal brenna ned bygg i Ulven leir
Sjukestova blei brent ned i 2007. I morgon er det SIBO-bygget sin tur. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børneslaurdag 10. jan. 2026 08:36

Laurdag 10. januar frå klokka 09.30 til 15.00 skal brannvesenet gjennomføre ei øving i Ulven leir. På tampen av øvinga skal det gjennomførast ei kontrollert nedbrenning av bygget.

Midtsiden er i leiren under øvinga. Vi kjem med med meir om bygg, øving og nedbrenning når øvinga er over.

Det er ei tidlegare kaserne, no kalla SIBO-bygget (brukt til øving på «strid i bebygd område»), som Forsvaret no ønskjer å riva.

Bygget er stort – om lag fire gongar så stort som ein vanleg einebustad. Det er venta at øvinga vil føre til ein del røyk og synlege flammar i området.

– Det er stille og kaldt vêr, så varmen vil truleg stige rett opp, men det vil likevel vere ein del røyk, seier varabrannsjef Erik Walden.

Brannvesenet understrekar at dette er ei planlagd øving, og at det ikkje er grunn til å ringe nødnummer dersom du ser røyk eller flammar frå Ulven leir i dette tidsrommet.

Øvinga kjem berre få dagar etter ei alvorleg brannulykke i Verdal, to røykdykkarar omkom under sløkkearbeid natt til onsdag 7. januar.

– Ulykka er ei kraftig påminning for oss. Vi må vere ekstra merksame på faremoment og sørgje for at vi har rett utstyr og gode rutinar, seier Walden.

Brannvesenet ber om forståing for eventuelle ulemper øvinga kan medføre, og minner om at øving er ein viktig del av arbeidet med å vere best mogleg rusta til reelle hendingar.

Dette er ikkje første gong brannvesenet får bruka nedbrenning i Ulven leir som øvingsobjekt.

På ein annan iskald dag, i desember 2007, var det øving og nedbrenning av Sjukestova.

Bildeserie:

Sjukestova i Ulven leir i desember 2007. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Sjukestova i Ulven leir i desember 2007. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Etter nokre rundar med øving og sløkking såg det sånn ut i stova. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Etter nokre rundar med øving og sløkking såg det sånn ut i stova. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Litt trøbbel med EDB-en. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Litt trøbbel med EDB-en. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Så var det til å få fyr på dei kalde veggane. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Så var det til å få fyr på dei kalde veggane. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Varabrannsjef Arne Monsen rakk akkurat å posera litt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Varabrannsjef Arne Monsen rakk akkurat å posera litt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
... men det blei overraskande fort på tide å koma seg ut. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
... men det blei overraskande fort på tide å koma seg ut. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Etasjen blei raskt fylt med røyk. Her har det gått to minutt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Etasjen blei raskt fylt med røyk. Her har det gått to minutt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Magnus Lyssand gjekk ned med bosset for siste gong. Bensinkanna var òg grei å fjerna. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Magnus Lyssand gjekk ned med bosset for siste gong. Bensinkanna var òg grei å fjerna. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Åtte minutt etter at madrassa tok fyr så bygget sånn ut. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Åtte minutt etter at madrassa tok fyr så bygget sånn ut. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Sjukestova er no historie. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Sjukestova er no historie. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Røyken blei synleg frå avstand. Det blir den nok i morgon òg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Røyken blei synleg frå avstand. Det blir den nok i morgon òg. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
1 av 13

Bygget hadde stått ubrukt og utan oppvarming ei stund.

Varabrannsjef Arne Monsen smilte nøgd då han fekk fyr på ei madrass dynka i drivstoff, og dette smitta over på dei frosta husveggane – men det gjekk ikkje mange minutt før Midtsiden sin fotograf og brannmannskapen måtte koma seg ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?