Skal du på fest i jula?
Rock, blues, jam og standup - her er noko av det utelivsaktørane har å by på i juleferien.
Juleferien er godt i gang, og starta for mange med Ylvis i Oseana fredag eller med ein tur på nattklubb, pianobar eller restaurantbesøk fredag eller laurdag.
Kvelden før kvelden, søndag 23. desember, er det tradisjon tru duka for Olavs julejam, jammen musikaren Olav Skorpen starta då han dreiv Mobergsvikjo Kafé tidleg på 2000-talet, som dei siste åra har blitt arrangert på Bar2Be.
– Det ligg an til å bli ein god jam i år òg, seier Olav, og fortel at KingCalling-vokalist Eirik Søfteland, Stig Are Sund og Urørt-fenomenet Aurora Aksnes er blant musikarane som blir å høyra i kveld.
Les òg: Debutant til topps på Urørt
– Den talentfulle 16-åringen Aurora får dispensasjon frå aldersgrensa for å opna jammen i kveld. Det ser eg veldig fram til, seier Olav.
Ekstranummer: Pianobar og standup
Julaftan blir det stille i utelivsbransjen, men første juledag er forventa å bli blant årets beste dagar for dei som arrangerer fest.
Solsiden, som i haust har hatt suksess med pianobar, har utvida til pianobar kvar helg.
I tillegg har dei fått CJ Marvin til å setja seg ved det nye, gule pianoet også 1. juledag. Helga før nyttårsaftan kjem pianoman Bob Johanson til Os.
Standupklubben Råkt Opp & Ned, som også har vore nytt innslag i kulturlivet i Os i år, byr også på ekstraframsyning.
2. juledag er det romjuls-standup på Os.
Jon Hægland skal sjølv på scenen på årets siste standup på Irish Cat. Med seg har han Christoffer Andreas Dedekam Schjelderup, Pål Rønelv og Jan Tore Kristoffersen.
: Den tidligere barnestjernen fra Loddefjord begynner omtrent å bli fast innslag på kvelden våre. Det gjør ikke så veldig mye i og med at han som regel er helt hysterisk morsom. Fantastiske historier med et helt håpløst persongalleri.
Norsk rock og crazy blues
Til helga, nærmare bestemt laurdag 29. desember, syng det lokale coverbandet Verdiløse menn jula ut på Ole B.
– Vi syng det beste av norsk rock. Med andre ord; Jokke, Raga Rockers, Dum Dum Boys, CC Cowboys med meir, seier Sven-Erik "Svenna" Gabrielsen.
Med seg har dei Ekstra Guest Super Star "Biggen" som sper på med Rolling Stones -låtar.
Dagen etter er den tradisjonsrike romjulsbluesen, i år i Oseana med Vetrhus Bluesband og Ladyshave Experience.
– Vetrhus er godt kjent for osingane frå før, Ladyshave Experience spelte på matineen under festivalen i år, til fantastiske tilbakemeldingar, seier Tore Lekve frå Osøren Blues & Jazzfestival.
– "Kvar har du gøymt desse?" spurde folk. Vel, no kjem Ladyshave tilbake, og dei bør du ikkje gå glipp av! Knallflinke musikarar og veldig flink med publikum.
Sjå også: Midtsiden kulturkalender