Skal du ta ferje i morgon tidleg?
Ein avgang slepp berre 12 passasjerar om bord.
Vegtrafikksentralen vest meldte klokka 19.55 på X om redusert kapasitet på E39-ferjestrekninga Halhjem - Sandvikvåg i morgon tidleg.
Dette gjeld for ferja som skal gå klokka 09.00 frå Halhjem 29. desember. Kun 12 personar får vera med avgangen, grunna farleg last.
Siden det er søndag er det ekstra lenge å venta på neste ferje.
Dermed kan det vera lurt å sikta seg inn på eit anna avreisetidspunkt. Avgangen i førevegen går klokka 08.10, og neste avgang er klokka 09.50.
Reglar for frakt av farleg last med ferje blir bestemt av Forskrift om farleg last ombord på norke skip.
Eksempel på farleg last kan vera eksplosivar, giftige gassar, brannfarlege stoff eller etsande stoff.