Skål for Guri Kunna!

Ståande applaus for HavFest! SJÅ VIDEO: HavFest på 10 minutt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mai 2013 11:06

Bildeserie:

Skål for Glenn Erik og Heidi! (Foto: KVB)
Proffe skarvar: Adeline Eikanger, Malin Brimsholm og Tonje Mykkeltveit. (Foto: KVB)
Oda M. Haugholt som sjøstjerne. Kristine Gjems og Ingrid Eriksen hadde kostymeansvaret. (Foto: KVB)
Skarvane med havfolket, uroa for at Guri var forelska i eit menneske. (Foto: KVB)
Det var også brefolket, redde for menneska som får isen til å smelta. (Foto: KVB)
Småfolket: Sara Skaatun, Mari F. Bunæs og Ingrid Ø. Lie. (Foto: KVB)
Ståle Ytterli som Arnfinn, mennesket Guri var forelska i. (Foto: KVB)
Tenk sjølv! Uro på øya Kunna. (Foto: KVB)
Trommesolo av Magne Johan Lunde. (Foto: Andris Hamre)
Arnfinn blei fri. (Foto: KVB)
Og Vinden (Terese Mungai) kom med godt nytt. (Foto: KVB)
Skål for Glenn Erik og Heidi! (Foto: KVB)
Proffe skarvar: Adeline Eikanger, Malin Brimsholm og Tonje Mykkeltveit. (Foto: KVB)
1 av 11
Proffe skarvar: Adeline Eikanger, Malin Brimsholm og Tonje Mykkeltveit. (Foto: KVB)
Oda M. Haugholt som sjøstjerne. Kristine Gjems og Ingrid Eriksen hadde kostymeansvaret. (Foto: KVB)
Skarvane med havfolket, uroa for at Guri var forelska i eit menneske. (Foto: KVB)
Det var også brefolket, redde for menneska som får isen til å smelta. (Foto: KVB)
Småfolket: Sara Skaatun, Mari F. Bunæs og Ingrid Ø. Lie. (Foto: KVB)
Ståle Ytterli som Arnfinn, mennesket Guri var forelska i. (Foto: KVB)
Tenk sjølv! Uro på øya Kunna. (Foto: KVB)
Trommesolo av Magne Johan Lunde. (Foto: Andris Hamre)
Arnfinn blei fri. (Foto: KVB)
Og Vinden (Terese Mungai) kom med godt nytt. (Foto: KVB)
Skål for Glenn Erik og Heidi! (Foto: KVB)

Historia er spennande, miljøtemaet aktuelt, og omgjevnadane er nær, ikkje minst for oss som bur i eller rundt Os. Musikken er trollbindande, skodespelarane, dansarane, musikarane og teknisk mannskap frå dei øvste hylle, anten dei er innleigde profesjonelle eller handplukka i heimbygda Os.

– Vi er så mange og så forskjellige, men så like og så samansveisa bak og på scenen. Det er noko av det som gjer meg ekstra stolt av HavFest, korleis alle dei involverte har jobba saman, kor viktige alle har blitt for kvarandre, seier komponist og dirigent Glenn Erik Haugland.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Midtsiden fekk med seg generalprøven torsdag og siste av tre framsyningar søndag.

– Vi hadde ein flott premiere fredag og blei betre og betre gjennom helga, synest komponisten.

Salen var nesten full då det blei skåla for Guri Kunna i 21.30-tida søndag kveld. HavFest-folket fekk ståande applaus og på veg ut av Oseana høyrdes det ut som om HavFesten heldt fram til stormande jubel også bak sceneteppet.

– Å få setja opp ein slik folkeopera i heimbygda mi har vore ein draum sidan eg var ung. Det har vore eit eventyr og vi avslutta på topp, seier Glenn Erik Haugland.

Ny fest på same historie

HavFest er ein folkeopera skriven og komponert av ekteparet Heidi Tronsmo, som også har hovudrolla som Guri Kunna, og Glenn Erik Haugland. HavFest blei spelt for fire fulle hus under opningsveka til Oseana kunst- og kulturhus i juni 2011 og var i år sett opp som del av prgrammet til Festspillene i Bergen.

Historia og mykje av musikken er den same, fleire av skodespelarane er nye, blant anna elevane frå danse- og musikkakademia Bårdar og Grieg.

Scenografien, med kulissar projisert på kvite lerret, gav ekstra tydeleg effekt, og var den største endringa frå første til nyaste HavFest.

– Eit prakteksemplar

Guri Kunna bur på øya Kunna og er herskar over hav og kyst. Men då ho fortel at ho er forelska i eit menneske gror det raskt ei uro blant dyra i sjøen, langs kysten og brefolket.

Til og med hennar eige folk er i tvil om ein allianse med menneska er ein god idé, menneska tar jo ikkje omsyn.

Skarvane og Vinden informerer og legg ein plan. Men så viser det seg at Guri hadde gode intensjonar med alliansen med menneska, og kjærasten Arnfinn eit prakteksemplar av eit menneske.

Truverdig og levande

Fiolinmusikken til Anne Goro Tronsmo Haugland, dansen til Vinden (Terese Mungai) og replikkane til skarvane (Adeline Eikanger, Malin Brimsholm og Tonje Mykkeltveit) tar oss frå Havfolket til Brefolket og tilbake til Guris rike.

HavFest involverer over 70 aktørar, amatørar og profesjonelle, frå 9 til 64 år i alder.

Frå kulissar og kostyme til musikk, dans, replikkar og skodespel; HavFest er levande, sterk i effektbruken, tydeleg i innhaldet og fengslande i historieforteljinga.

Manus og musikk: Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland.
Regi: Hege Gabrielsen.
Produsent: Lisa Nøttseter.
Scenografi og lysdesign: Ståle Tråsdahl.
Videoworks, lysdesign og scenemeister: Odin Nordhagen.
Kostymedesign: Kristine Gjems og Ingrid Skåland Eriksen.
Inspisient: Andreas Dyrdal
Musikarar (med i skodespelet): Anne Goro Tronsmo Haugland (filon), Ingrid Søfteland Neset (fløyte) og Ragnhild Tronsmo Haugland (cello).
Musikarar: Tor Jaran Apold (fiolin), Johanne Mjøs (fiolin), Mariann Herheim (klarinett/baaklarinett), Anne Leni Søfteland Sæbø (piano), Kai Hansen (akkordeon), Morten Andreas Nome (kontrabass), Tomas Nilsson (perkusjon) og Magne Lunde (trommer).

VIDEO: Sjå samandrag av HavFest (10:50). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.