Politi | 02. apr. 2022

Skal ha avtalt slåstkamp

Politiet rykte ut til skule.

Skal ha avtalt slåstkamp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. apr. 2022 08:32

Fredag i 14-tida fekk politiet melding om at det var planlagd ein slåstkamp på ein skule i Os.

– Vi rykte ut med fleire bilar, og klarte nok å avverga dette, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet er kjent med involverte namn, og jobbar vidare med forebyggande arbeid i saka.

Ville ikkje vedta forelegg

I 13-tida fredag, nær Os sentrum, kom patruljen over ein bilist som brukte handhalden mobiltelefon.

Storleiken på forelegget har nyleg auka frå 5.000 til 7.450 kroner.

Bilførar, ein mann i 40-åra, vedtok ikkje forelegget, dermed er det oppretta sak.

Brei last

I 17-tida fekk politiet melding om ein lastebil som hadde noko som stakk ut på sida, som kunne vera til fare for møtande trafikk.

Lastebilen blei kontrollert og saka løyst ved at ei sveiv blei stroppa fast.

Laurdag morgon hadde politiet ein promillekontroll på Ulvenvegen/Lyseklostervegen. Alle 48 kontrollerte var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.