Lokal | 11. apr. 2019

Skal ha blitt slept inn i skogen og utsett for valdtekt i 2004

Politiet har no tatt ut tiltale mot mannen som blei avslørt av DNA i haust.

Eit tilfeldig møte her, ei augstnatt i 2004, førte til overfallsvaldtekt i eit skogholt i nærleiken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. apr. 2019 09:00

Mannen som blei pågripen i desember, og fekk forlenga varetekt i fleire rundar gjennom vinteren, er no tiltalt for overfallsvaldtekt i Os ei augustnatt i 2004, ifølgje BT.no.

DNA tatt etter at han blei meldt i ei anna sedelegsak i oktober 2018 kopla han til den snart 15 år gamle saka.

• Les òg: Påstår at det var frivillig sex (februar 2019)

Løfta og slepte ho med seg inn i skogen

Dei to skal tilfeldigvis ha møtt kvarandre ved fotgjengarfeltet på Byvegen, mellom Giskavollen og Holtbrekka.

Der skal tiltalte, som no er 57 år, ha tatt tak i den unge kvinna, som då var 18-20 år) og slept ho med seg inn eit skogholt i nærleiken, og halde ho fast mens han valdtok henne.

Mannen nektar ifølgje BT straffeskyld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.