Skal halda 22 konsertar på 30 dagar
Aurora legg opp til nokre korte og raske steg tilbake til normalen.

«This little fairy have been living comfortably within her nest for a little while now» skreiv Aurora på Instagram 23. september.
Neste konsert på liveprogrammet er ifølgje heimesidene i USA i november. Frå 14. til 18. november spela tre konsertar i Terminal 5 i New York og Mayan Theatre i Los Angeles.
Etter nyttår blir det travlare.
Neste planlagde konsert er i Milano i Italia først 13. og 14. februar, men då skal det til gjengjeld gå unna.
Turen går vidare til Belgia, Frankrike, Nederland, Sveits, Tyskland, Tjekkia, Polen, Danmark og Sverige - i alt 14 konsertar på 3 veker.
Etter 20 dagar «pause» startar ein tett, britisk turné med 8 konsertar i 8 ulike byar på 10 dagar i England, Skottland og Irland.
Ingen kur
I sommar, onsdag 7. juli, kom ho med singelen «Cure for Me» med tilhøyrande sleppefest via Youtube dagen etter.
Her er musikkvideoen:
Ho har dansarar med seg i videoen på fengande låten.
Sjølv scenedebuterte Aurora med dans, ikkje song, då ho med medelevar frå Patricia Langeland sin klasse på Os kulturskule i 2011 tok seg til UKM-finale med framsyninga «Ghost».

Låten, som handlar om homoseksualitet og å vera den du er, er allereie spelt over 12,9 millionar gongar på Spotify.
Midtsiden har ikkje lykkast med å få kontakt, via management, med Aurora i denne omgang.
Ho var sist å høyra i Os då ho overraska ungdomsskuleelevar med gratiskonsert i skulegarden.

Aurora har over 10,6 millionar månadlege lyttarar på Spotify, 3,5 abonnentar på Youtube, 2,1 millionar følgjarar på Instagram, 552.000 på Facebook og 215.000 på Twitter.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.