Kultur | 23. jan. 2020

Skal hylla Beethoven med Leif Ove Andsnes i Rosendal

Ingrid Søfteland Neset reiser frå Det Kongelige Kapel i København til sin første konsert i Baroniet.

Skal hylla Beethoven med Leif Ove Andsnes i Rosendal
Ingrod Søfteland Neset skal spela i Rosendal på seinsommaren. (Foto: Lisbeth Holten)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. jan. 2020 10:49

I går kom programmet til Rosendal Kammermusikkfestival 2020, helga 6. til 9. august, den femte festivalen i rekkja, i år med tittelen «LvB250».

Det er 250 år sidan den store, tyske komponisten og pianisten Ludwig van Beethoven blei fødd (16. desember), og kunstnarisk leiar for festivalen, Leif Ove Andsnes, får selskap av 25 gjesteartistar og føredragshaldarar til å hylla Beethoven.

To av dei er søsknene Marius (komponist og saksofonist) og Ingrid Søfteland Neset (fløytist) frå Os. Marius er dessutan ein av fire komponistar som har fått i oppdrag av Andsnes å komponera eit stykke til festivalen, samtidsmusikk som skal visa kva vedvarande innverknad Beethoven sin musikk har.

– Eg har aldri spelt i Rosendal før, og det blir første gong eg speler med Leif Ove Andsnes. Dette gler eg meg veldig til, seier Ingrid til Midtsiden.

Operaorkester i København

Ho var i ferd med å fullføra mastergradoppgåva si ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København då ho i 2015 danka ut 185 søkjarar frå heile verda og fekk jobben som solofløytist ved Stavanger symfoniorkester.

I 2018 var det retur til København på kontrakt med Det Kongelige Kapel, operaorkesteret i den danske hovudstaden. Der er ho no halvvegs i sin andre eittårskontrakt.

– Vi har framsyningar kvar helg, ofte også i vekedagane, og øver gjerne inn ganske mange produksjonar på same tid. Det er travelt, og eg trivst veldig godt, seier fløytisten.

– Elskar Beethoven

Ifølgje Rosendal Kammermusikkfestival sine heimesider seier Leif Ove Andsnes dette om Beethoven:

Når vi snakker om Beethoven har vi en tendens til å fokusere på det storslåtte, kjempende og revolusjonære. Men det er også så mye ømhet, intime betroelser, humor og tvetydighet i musikken hans. Mitt håp er at vi i løpet av Rosendal Kammermusikkfestival 2020 vil oppleve det store mangfoldet hos denne enestående komponisten.

Ingen andre komponister har hatt en slik utvikling i løpet av livet sitt, eller kan vise til en slik usedvanlig utvikling innenfor kun ett verk.

– Eg kjenner best til symfoniane til Beethoven. Han har dessverre ikkje så mange for fløyte åleine, men eg skal faktisk spela Beethoven i neste veke, på ein liten kammerkonsert i trio med fagott og piano.

– Eg elskar musikken hans, og har Symfoni nr. 7 som favoritt, fortel Ingrid.

I Rosendal skal ho spela andre sats av Symfoni nr. 7 og det nykomponerte verket av broren Marius.

– Det blir stort å få delta i urframføringa av stykket til Marius, saman med han sjølv, Leif Ove Andsnes (piano), Christian Poltéra (cello) og Alina Ibragimova (fiolin)! seier Ingrid.

Desse deltar på festivalen: Leif Ove Andsnes saman med fire pianistkollegaer – Paul Lewis, Jonathan Biss, Vikingur Ólafsson og Kristian Bezuidenhout – i tillegg til Christiane Karg (sopran), Ébène String Quartet, Alina Ibragimova og Guro Kleven Hagen (fiolin), Henninge Landaas (bratsj), Christian Poltéra og Jakob Koranyi (cello), Karol Ciesluk (kontrabass), Avi Avital (mandolin), Colin Currie (slagverk), Håkan Hardenberger (trompet), Ingrid Søfteland Neset (fløyte), Bjørn Nyman (klarinett), Per Hannisdal (fagott), Ragnhild Lothe (horn) og forelesarane Jan Swafford, Erling Sandmo og Gunnar Danbolt.

Del av programmet er fleire samtidsverk, inkludert musikk av fire norske komponistar – Ketil Hvoslef, Rolf Wallin, Lene Grenager og komponist/saksofonist Marius Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.