- 08. mars 2021

Skal jakta på udetonert sprengstoff

Rune Fjellanger startar nytt firma for å finna gamal dynamitt.

Rune Fjellanger har i dag, saman med styreleiar, Hege Lunde, starta firmaet Nordisk Sprengstoffhund AS. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 08. mars 2021 21:26

Rune Fjellanger har i dag, saman med styreleiar Hege Lunde, starta firmaet Nordisk Sprengstoffhund AS.

Med sju hundeførarar og seks topptrente hundar skal dei saman lokalisera udetonert sprengstoff i blandt anna tunellar og andre industriområde.

Saman med Forsvaret har Statens vegvesen konkludert med at det ligg mykje udetonert sprengstoff i blant anna eldre norske tunellar.

Med nye krav frå EU må Noreg fornya mange av sine eldre tunellar, og då må tryggleiken takast på alvor.

– Dette feltet som omhandlar hundar og sprengstoffsøk har vore i nevane til Forsvaret og Politiet. Det er hovudsakeleg dei, og i særleg grad Forsvaret sine hundar, som har blitt brukt på dette feltet. I tillegg er det auka fokus på HMS i bransjen, og behovet for hundar er aukande. Men i desember 2018 sa Forsvaret at dei ikkje lenger ønskte å tilby denne tenesta til Statens vegvesen. Då sto det plutseleg ein heil haug med entrepenørar som mangla ei viktig teneste.

– Det er sjølvsagt no fleire som tilbyr denne tenesta, men marknaden er omfattande, men det er moglegheiter for oss å vera med å konkurrera om oppdrag, seier Fjellanger.

Med nase for dynamitt. (Foto: ØH)

Ikkje berre tunellar

Sjølv om det har vore vanleg praksis å søkja etter sprengstoff i gamle tunellar, har det òg kome fram fleire andre plassar der det er behov for hundar med sans for krut.

– Dei siste åra har det kome fram fleire andre område kor dette med søk etter gamalt sprengstoff er aktuelt. Det er ikkje lenge sidan vi måtte søkja ved Universitetet i Bergen, då dei skulle sikra fjellet på baksida av den gamle idrettshallen ved Studentskipnaden.

– Der har det vore sprenging ein gong i tida, og dei måtte forsikra seg om at det ikkje låg igjen gamalt sprengstoff før dei starta med arbeidet.

Litt kos og leik er også ein del av kvardagen til dei flinke hundane. (Foto: ØH)

Riktig marknadsføring

Med nytt firma har det blitt ekstra viktig med riktig eksponering og marknadsføring.

– Sjølv om eg har lang fartstid med trening av hund, er nok hundeskulen og hundesenteret mest assosiert med kursing og forskning, ikkje tenester retta mot entreprenørbransjen.

– Derfor opprettar vi no eit nytt firma som driv målretta mot desse oppdraga, forklarer Fjellanger.

Med seg på laget i det nye firmaet har Fjellanger ein tidlegare siviløkonom. Hege Lunde kjem inn som både hundeførar og styreleiar.

– Eg har jobba tjue år i Telenor og har bakgrunn som siviløkonom. Der hadde eg mykje ansvar for sal, økonomi og forretningsutvikling, og kan komplementera Rune i nytt firma, seier Lunde.

Men ho er ikkje utan erfaring med hund.

– Eg har drive mykje med søkshundar tidlegare, i konkurransar og liknande. Eg har tru på at det kan vera ein marknad for dette med søk etter sprengstoff, og eg har tru på at vi kan gjera ein viktig og god jobb for entreprenørar.

Rune Fjellanger er klar for eit nytt kapittel. (Foto: ØH)

Tryggleik og fag

Sjølv om Rune Fjellanger såg ein marknad som det var moglegheiter å veksa i, måtte det først på plass skikkeleg kompetanse.

– Kombinert med tøffe tider, har det blitt behov for ei re-organisering. Og det er ikkje enkelt å få inn nye folk som skal kunna føra hundar innan sprengstoffsøk. Det krev ein modningsprosess over tid for både hund og førar. Men no er vi, etter oppstart av trening i 2019, oppe i sju førarar og seks hundar, forklarar Fjellanger.

– Det kan ofte ta eitt til to år med opplæring før hundane er operative. No har vi som sagt seks operative hundar, med to hundar under opplæring. Når det gjeld førarane, så er det klart at det har vore viktig for meg å kunna ha folk litt under vingene mine, det handlar om både tryggleik i arbeidet og kvalitet på tenesta.

I videoen under kan du sjå hundane i aksjon:

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.