Brannvesen og politi skal øva i bygget på Skeie som husa barnehage fram til i fjor. (Arkivfoto: KVB)

Skal øva på Nore Neset

Det kan bli mykje blålys på Skeie i kveld.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Brannsjef Eivind Hovden informerer om komande øving.

– Om folk ser mykje blålys på Nore Neset i kveld, så er det truleg ikkje spennande nyhende, i alle fall ikkje for publikum, seier Hovden.

Både politi og brannvesen er involvert i øvinga, som startar i 17.30-tida og held fram til klokka 20.30.

Etatane skal bruka den nedlagte barnehagen på Skeie som øvingsstad, men det er ikkje plan om å brenna barnehagebygget ned.

I morgon tysdag skal kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune har ei større øving, men det er ei «skrivebordsøving», altså utan operative tiltak.

Fleire saker