Lokal | 27. mai 2018

Skal padla 700 km i Alaska

Torbjørn, Marius og Morten får ein sommar blant bjørn og laks.

Skal padla 700 km i Alaska
F.v.: Torbjørn Lothe Mehammer, Marius Humlen Halhjem og Morten Rød Røttingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. mai 2018 18:15

Bildeserie:

Elva Noatak ligg eit godt stykke nord i Alaska. (Google Maps)
Elva Noatak ligg eit godt stykke nord i Alaska. (Google Maps)
Osingane skal padla heile den 684 km lange elva.
Osingane skal padla heile den 684 km lange elva.
Heime har dei lagt i hardtrening. (Privat foto)
Heime har dei lagt i hardtrening. (Privat foto)
Padletur frå Os til Tysse. (Privat foto)
Padletur frå Os til Tysse. (Privat foto)
Torbjørn har to gongar tidlegare padla langt i Canada. (Privat foto)
Torbjørn har to gongar tidlegare padla langt i Canada. (Privat foto)
Der møtte han bjørn og moskus. (Privat foto)
Der møtte han bjørn og moskus. (Privat foto)
Gutane skal padla i Ally-kanoar. (Privat foto)
Gutane skal padla i Ally-kanoar. (Privat foto)
1 av 7
Elva Noatak ligg eit godt stykke nord i Alaska. (Google Maps)
Osingane skal padla heile den 684 km lange elva.
Heime har dei lagt i hardtrening. (Privat foto)
Padletur frå Os til Tysse. (Privat foto)
Torbjørn har to gongar tidlegare padla langt i Canada. (Privat foto)
Der møtte han bjørn og moskus. (Privat foto)
Gutane skal padla i Ally-kanoar. (Privat foto)

Kameratane Torbjørn Lothe Mehammer, Marius Humlen Halhjem og Morten Rød Røttingen frå Os skal i sommar padla heile den 684 kilometer lange Noatak River, frå Lucky Six til den renn ut i Beringstredet nær Noorvik og Kotzebue.

– Torbjørn har vore på to lange padleturar i Nord-Amerika før, eg og Morten er førstereisgutar, fortel Marius.

Torbjørn har blant anna padla same elv som Erik Walden og Bjørn Tore Eriksen padla i 2010, 100 mil av Thelon River i Canada, saman med fetteren, Øyvind Mehammer i 2012.

To år seinare var dei tilbake, men då i Québec.

Då Øyvind ikkje kunne vera med på årets tur, blei Marius spurd.

– Vi jaktar ein del småvilt saman, og eg har likt å høyra om turane hans. Eg trur han blei litt overraska så eg sa ja til invitasjonen, seier Marius.

Marius lokka med seg Morten, så no blir det to kanoar på tur. Veteran Torbjørn må padla åleine.

Då Torbjørn møtte svartbjørn

Ulv, moskus og stor laks er blant det dei tre kameratane kan møta på turen. Og bjørn.

– Vi padla Thelon River i 2012. I Canada såg eg bjørn to gongar. Den eine gongen skvatt vi skikkeleg, fortel Torbjørn.

I sidesynet skimta dei noko rørsle i vegetasjonen før ein svartbjørn kom stormande mot elva.

– Eg sat meg hagla framfor meg i kanoen, men eg hadde ikkje hatt sjanse til å trekka den opp og skyta om bjørnen hadde storma ut i elva. Heldigvis stoppa ho på elvebreidda.

– Langs den elva vi no skal padla er det visst normalt å møta bjørn 10 til 20 gongar på éin tur.

I hardtrening

Turen tar i alt 30 dagar, med 23 dagar på elva.

– Det betyr at vi må padla rundt 30 kilometer per dag. Det som var vanskelegast i Canada var då det bles mens vi var på dei store innsjøane. Den eine gongen låg vi vêrfast i tre dagar, det var sånn at vi frykta at vi ikkje skulle rekka flyet heim, fortel Torbjørn.

Morten er ikkje like ivrig med jakt, Torbjørn er einaste av dei tre som har gjennomført førstegongsteneste. Då var han utstasjonert i Kirkenes som grensejeger.

– Eg gler meg veldig til turen! Heldigvis har vi fått oss nokre treningsturar her heime, seier Morten.

Gutane har førebudd seg på ulike måtar, med jogging, fjellturar, 120 km skitur over Hardangervidda i påsken (120) km og padletur frå Os til Tysse tur retur (90 km).

I Alaska skal dei padla med kajakkårer i samanleggbar Ally-kano frå Bergans.

Planlegging, sponsorjakt og våpenløyve

– Pakklista er klar, og no held vi på å handla utstyr og å prøva å ordna oss nokre sponsorar til turen.

– Vi har mykje utstyr, men ein del av det er nesten slite ut, så det blir mykje nye klede, blant anna.

Parallelt med deg praktiske er det ein del papirarbeid, ikkje minst sidan gutane har ønskje om å tamed sine eigne våpen på turen og inn i terrenget.

– Vi kom litt seint i gang med våpensøknadane, så vi er spente på korleis det går. Om ikkje vi får våpenløyve i boks må vi fylla ryggsekkane med bjørnespray, seier dei tre og ler.

Avreise frå Flesland er 28. juni, til Minneapolis via Amsterdam, og vidare til Anchorage og Kotzebue.

Heimreisa startar 27. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.