Skal reinsa sjela i Griegsamlinga i kveld

– Eg har sett mykje, men aldri reagert så kraftig i møte med kunstnarisk arbeid, seier Evelyn Holm.

Ole Mads Sirks Vevle fekk ståande applaus etter premieren i Bergen. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mars 2020 09:02

Katarsis er eit omgrep brukt av legen Hippokrates og filosofen Platon om «sjelens renselse fra det sanselige». «Ka?Tarsis!» er tittelen på ein framsyning som nyleg hadde premiere på Frontlosjefestivalen i Bergen.

Framsyninga er Ole Mads Sirks Vevle sitt comeback etter 12 år vekke frå kunstfeltet. Vevle var ein sentral performancekunstnar i Bergen tidleg på 2000-talet. Han vann fleire internasjonale prisar før han tok seg ein lengre pause.

ka?Tarsis!-premieren var utselt og hausta ståande applaus. Den skapte òg kraftige reaksjonar.

I kveld blir den spelt i Griegsamlingen i Oseana, bestilt av kurator Evelyn Holm, som sjølv har opplevd den.

– Det var rett og slett ei rystande oppleving som eg ikkje klarer å forklara for meg sjølv. Under framsyninga sat eg stille i salen, lå då det var morosamt og beit litt negler då smerteuttrykka blei for sterke. Det var først då framsyinga var over at eg merkte at den hadde slått rett inn i både kropp og sjel, eit inntrykk som varte og varte.

– Eg har sett mykje av provokasjon og sterke verkemiddel på ulike scenar, men reaksjonen etter denne er det kraftigaste eg nokosinne har opplevd.

Ka?Tarsis! handlar om dei store, eksistensielle spørsmåla; Kven er vi? Kvifor er vi her? Kva er kunsten si rolle midt oppi det heile? Skal kunsten vera politisk, eller rykka deg ut av draumen og ta frå deg livsløgna? Skal du reinsa sjela? Kva sjel?

– Med eit teatralsk språk som er overdrive affektert, men samtidig blotta for ironi, går Ole Mads Sirks Vevle rett i strupen på publikum, og tvingar fram refleksjon over ultimate spørsmål med ultrateatrale verkemiddel, fortel Holm.

Etter framsyninga held Ole Mads Vevle ein samtale med publikum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.