Lokal | 09. mars 2019

Skal sjekka beltebruken i buss på heile Vestlandet

Frå måndag og ut veka skal 190 kontrollørar sjekka beltebruken i bussane på Vestlandet.

Skal sjekka beltebruken i buss på heile Vestlandet
Trine Villanger er kampanjeleiar for «bilbelteløftet» og kontrollane i veka som kjem. (Pressefoto: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. mars 2019 19:32

190 kontrollørar frå Statens vegvesen skal frå måndag sjekka korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

– Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Trine Villanger som er kampanjeansvarleg i Region vest.

Ungdom droppar belte

I ei spørjeundersøking gjort hausten 2018 kjem det fram at 7 av 10 bruker belte i stor grad. Det vil seia 73 prosent mot 74 prosent året før.

Tal for våren 2018 viser at heile 90 prosent blant dei over 60 år bruker belte i stor grad, mens for dei mellom 15-29 år er talet berre
56 prosent. Undersøkinga viser òg at ungdom tar oftare buss der det er belte montert.

– Dessverre ser vi at beltebruken går ned, og dei eldre er framleis flinkare enn ungdommar til å festa beltet i bussen. Årsakene kan være mange, men vårt mål er at alle som har moglegheit skal festa beltet kvar gong. Vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ein ulukke og passasjerane sit usikra, seier Villanger.

Godt kjent

Påbodet om å bruka belte i buss er etterkvart blitt godt kjent. Heile 90 prosent veit at dei må bruka belte der det er montert. Du bruker beltet for din eigen og andre sin sikkerheit. Riset bak spegelet er kontroll og gebyr.

– Ikkje alle bussar har belte, men bruk det kvar gong du kan – det er rett og slett for enkelt til å la vere, seier ho.

Villanger seier at i tillegg til alle kontrollane dei skal gjera, vil dei òg vera til stades på bussterminalar i Bergen og Stavanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.