Lokal | 04. okt. 2019

Skal søka i Os med hund og helikopter

Sju organisasjonar saman om storøving laurdag.

Skal søka i Os med hund og helikopter
Redningshund på oppdrag i Os etter at ein tom kajakk blei funnen i Øyane i 2015. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruary)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. okt. 2019 08:25

Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) skal ha øving i Os laurdag 5. oktober.

Fem av dei sju medlemsorganisasjonane i FORF, Røde Kors Hjelpekorps, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp, Norsk Radio Relæ Liga (NRRL) og Speidernes Beredskap, skal delta.

Med på øvinga er òg politiet og CHC Helikopter Service.

– I denne øvinga blir det søk både frå land, sjø og luft, fortel Marthe Johanne T. Mehus, beredskapsleiar hos Norsk Folkehjelp Sanitet Haukeland.

Verdifulle fellesøvingar

Kvart år er det mange som forsvinn, eller treng hjelp til å koma seg heim. FORF er ei samling av mange frivillige organisasjonar som ønskjer å hjelpa i slike situasjonar.

– For å kunna levera best mogleg når det verkeleg gjeld, er det viktig at vi øver. Ofte øver vi kvar for oss, men grunna god støtte frå Gjensidigestiftelsen har vi no sjanse til å halda fleire fellesøvingar, der vi blir betre kjent med kvarandre, og samtidig får øvd på å koordinera innsatsen vår.

Informerer innbyggarane

Øvinga vil i hovudsak foregå frå klokka 9 til 17 laurdag.

Mehus ønskjer å informera innbyggarane i Os, så dei veit kva som foregår. Men ho vil førebels ikkje avsløra kva område dei skal øva i, då dette ikkje skal avslørast før redningsmannskapen i morgon får oppgåva.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.