Kultur | 26. nov. 2016

Skal spela konsert i havgapet

I dag blei Aurora presentert som del av 2017-programmet til Trænafestivalen. Statsraad Lehmkuhl tar turen opp til øysamfunnet under festivalen.

Skal spela konsert i havgapet
Aurora er klar for Trænafestivalen 2017. (Foto: Knut Åserud)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. nov. 2016 11:48

Bildeserie:

Træna ligg vest for Mo i Rana. (Google Maps)
Træna ligg vest for Mo i Rana. (Google Maps)
Statsraad Lehmkuhl, her utanfor Os i 2014, fraktar publikum frå Bergen til Træna til sommaren. (Foto: KVB)
Statsraad Lehmkuhl, her utanfor Os i 2014, fraktar publikum frå Bergen til Træna til sommaren. (Foto: KVB)
1 av 2
Træna ligg vest for Mo i Rana. (Google Maps)
Statsraad Lehmkuhl, her utanfor Os i 2014, fraktar publikum frå Bergen til Træna til sommaren. (Foto: KVB)

Tidlegare i haust blei det kjent at verdas raskaste seglskip, Statsraad Lehmkuhl, tar turen langs kysten frå Bergen til Trænafestivalen, som i 2017 blir arrangert 6. til 9. juli.

No er Aurora blitt presentert som ein av dei som skal spela under Trænafestivalen i 2017.

Blant dei beste i Europa

Trænafestivalen har sidan 1978 blitt arrangert på Træna, 33 nautiske mil til havs, og frå 2003 har festivalen vakse seg stor. I 2012 blei den kåra til den beste festivalen i Noreg og den har vore på The Guardian si topp 10-liste over den beste festivalen i Europa.

Astrid S og Matoma var blant namna på plakaten i fjor, OnklP & De fjerne slektningene og Bjørn Eidsvåg spelte på Træna i 2014.

Trænafestivalen inkluderer fleire aktivitetar, som padling, yoga, fjellklatring, fridykking og Trænathlon, og skaper store økonomiske ringverknadar for bedriftene i lokalsamfunnet.

Programmet til neste Trænafestival byrjar så smått å forma seg og bookingsjef Erlend Mogård-Larsen meiner publikum kan venta seg tidenes konsertprogram på Træna til sommeren!

Så langt er desse artistane sleppt: Sushi X Kobe, Oslo Fagottkor og Klubb Seksuell.

Tett program før og etter jul

Aurora er for tida i USA og speler i Los Angeles både i morgon og måndag.

Turen går vidare nordover langs kysten, til Portland, Seattle og Vancouver i Canada før heimreise og konsertar i Halden, Oslo og Drammen før jul.

I januar står Singapore, Sidney og fleire byar i Australia for tur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.