Sport | 07. sep. 2019

Skal spela mot 9 mann

Os tar imot botnlaget Valdres i dag. Gjestane stiller med tynn tropp.

Skal spela mot 9 mann
Førre heimekamp blei det 1-0 over Brann 2. I dag kan det bli meir målrikt. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. sep. 2019 13:28

Valdres har 1 siger og 17 tap før dagens 19. serierunde mot Os på Kuventræ.

I Valdres vann Os 8-0, i dag kan det bli meir målrikt.

Laget som til no har sleppt inn heile 143 mål stiller med berre 9 mann til kamp.

Kampen startar klokka 16.00.

Kan klatra til 8. plass

Os ligg på 10. plass på tabellen med 21 poeng, 5 poeng framfor Fjøra og 6 poeng framfor Vestfossen, som tar imot Lysekloster i morgon.

Med siger i dag kan dei klatra forbi Brann 2, som tar imot Fana søndag, og a-poeng med Sogndal 2, som spelte 2-2 mot Stord tidlegare i dag.

Os stiller med både 11 til start og godt med folk på benken. Kaptein Mikkelsen er tilbake i startellevaren, Alexander Dale er på plass igjen og i angrep er det trioen Mats Cato Moldskred, Roger Ekeland og Stian Dyngeland som skal starta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.