Lokal | 28. okt. 2019

Skal Terje, Marie og fusingane på veggen no?

Blir tilpassa i høgt tempo: I morgon kveld blir dette Bjørnafjorden sin kommunestyresal.

Skal Terje, Marie og fusingane på veggen no?
26 tidlegare ordførarar heng på veggen i kommunestyresalen, som i morgon blir sal for Bjørnafjorden kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. okt. 2019 13:32

Bildeserie:

Dyrdal, Tysseland og Lunde, dei tre siste før Søviknes og Bruarøy. (Foto: KVB)
Dyrdal, Tysseland og Lunde, dei tre siste før Søviknes og Bruarøy. (Foto: KVB)
Hans Astrup Krüger (t.h.) var ordførar i Os herred frå 1838. (Foto: KVB)
Hans Astrup Krüger (t.h.) var ordførar i Os herred frå 1838. (Foto: KVB)
Talarstolen skal ikkje visa Os inspirerer i morgon. (Foto: KVB)
Talarstolen skal ikkje visa Os inspirerer i morgon. (Foto: KVB)
Kåre Mongstad frå Loops på veg med ny dekor. (Foto: KVB)
Kåre Mongstad frå Loops på veg med ny dekor. (Foto: KVB)
1 av 4
Dyrdal, Tysseland og Lunde, dei tre siste før Søviknes og Bruarøy. (Foto: KVB)
Hans Astrup Krüger (t.h.) var ordførar i Os herred frå 1838. (Foto: KVB)
Talarstolen skal ikkje visa Os inspirerer i morgon. (Foto: KVB)
Kåre Mongstad frå Loops på veg med ny dekor. (Foto: KVB)

Tysdag 29. oktober skal Bjørnafjorden kommunestyre konstituera seg.

Dei 35 medlemmane som blei stemt inn i valet 9. september skal blant anna stemma inn 9 medlemmer til formannskapet, blant desse skal det veljast ordførar og varaordførar.

• Les òg: Sånn blir konstitueringsmøtet

Frå tysdag kveld har vi 3 ordførarar og 3 varaordførarar i Fusa, Os og Bjørnafjorden.

Os Rådhus blir rådhus for Bjørnafjorden, men kva skjer med portrettmåleria av dei 26 ordførarane i Os? Skal dei henga der vidare?

Skal Terje Søviknes, som har vore ordførar frå 1999 til 2019, og Marie Lunde Bruarøy, som rykte opp mens Søviknes var oljeminister frå 2016 til 2018, på veggen? Får dei selskap av ordførarar frå Fusa?

– Mest rett å presentera alle

Rådmann Christian F. Fotland er på reise, men rådgjevar Andris Hamre seier at saka har vore drøfta sidan i førre veke.

– Søviknes og Bruarøy skal få sine portrett, men det er ikkje avgjort kven som skal mala eller kvar portretta skal henga, seier Hamre.

Fusa har ikkje måleri, men portrettfoto av sine ordførarar, også frå tida då Strandvik var eigen kommune.

– Det ligg an til at vi presenterer alle på same stad, og det kan bli ein annan stad enn kommunestyresalen. Det mest rettvise er at det blir likeverdig, alle eller ingen, derfor blir portretta av ordførarane i Os tatt ned før møtet i morgon.

I dag heng det portrett av 26 ordførarar, frå Hans Astrup Krüger, som var ordførar frå 1838 til 1841, til Søviknes sin forgjengar, Geirmund Dyrdal (1995-1999).

• Sjå liste over alle på Wikipedia

OPPDATERT: Portrettmaleria er i dag tatt ned.

Ny tavle, ny klubbe og nytt TV-vedtak

Møtet i morgon skal i utgangspunktet sendast direkte på kommune-tv, men det er ikkje berre for administrasjonen å snurra sendinga i gang.

– Vi treng eit vedtak, derfor blir det sak tidleg i møtet der nytt kommunestyre må godkjenna at møtet blir overført direkte, forklarer Hamre.

Sendinga, om den blir klubba gjennom, vil gå på bjornafjorden.kommunetv.no, ikkje Os.

Og apropos klubbe, den gamle klubba kan ikkje brukast, den er rissa med «Os kommune».

Ny klubbe er på veg frå Tønsberg, og skal innom Gullsmed Eide på ein liten juleverkstad, så rett namn kjem på.

– Vi har òg bestilt ny front til talarstolen. Den må hengast utanpå dagens Os-merke, men laust, i tilfelle det blir eit møte til for Os kommunestyre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.