– Skal vaksinasjonen ramma berre éin idrett?

Os Turn handball undrast over kommunen sine vurderingar.

Oshallen blir no kalla hall 1, og er den einaste på Kuventræ der det er lov å bruka klister. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. jan. 2021 15:25

Bjørnafjorden kommune ligg an til å starta med vaksinasjon utanfor sjukeheimane i veke 4.

På Os-sida av kommunen er Os idrettspark, nærmare bestemt hall 1, gamle Oshallen, lokalet det etterkvart skal gjennomførast massevaksinasjon i.

Vaksinasjon mot covid-19 er venta å halda fram i fleire månadar, minst fram til sommaren, truleg òg utover hausten.

I Bjørnafjorden åleine er det rundt 8.000 innbyggarar som anten er over 65 år (over 4.100 innbyggarar) eller over 18 år og i risikogruppe grunna underliggande sjukdomar (rundt 4.000 innbyggarar). Det betyr at det trengs heile 16.000 dosar til dei mest risikoutsette, sidan alle skal ha to dosar.

Os Turn handball fryktar, av fleire grunnar, at handball som idrett blir hardt ramma, og at Os Turneforening som idrettslag må ta heile byrden åleine.

– For det første har vi ikkje blitt spurd eller inkludert i nokon diskusjon, for det andre har vi ikkje høyrd noko om rullerande bruk av lokaler, noko eg meiner burde vore sjølvsagt. Sånn det ligg an no så er det berre éin idrett i eitt idrettslag som blir ramma; handball i Os Turnforening.

– Dersom det òg blir faste dagar, blir det dei faste ungane eller ungdomane det går ut over, med mindre vi internt køyrer eit omfattande arbeid med intern rullering på treningstider. Den kabalen er tung nok å legga frå før, fortviler Ingerid Verpe Jacobsen, formann i handballgruppa.

Formann i Os Turn handball, Ingerid Verpe Jacobsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– I verste fall konkurransevridande

Dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Eirik André Hesthamar, seier han ikkje har blitt spurd om å stilla areal til disposisjon.

– Eg har ikkje høyrd noko, og eg stiller meg kritisk til det vi no ser rammar store delar av Handball-Noreg. Eg føler verkeleg med Os Turn om dei må ta støyten åleine, seier Hesthamar.

Han nemner Askøy og SK Sotra som eksempel. I ei pressemelding omtalt i BA i går skriv SK Sotra om potensielt éin million i tapt inntekt.

Eirik André Hesthamar føler med Os Turn og resten av Handball-Noreg. (Foto: KVB)

– Om idretten, som er hardt ramma frå før, òg skal svi når kommunen skal massevaksinera, blir det tøft. Kompensasjon for tapte medlemsinntekter har ikkje vore inkludert i tiltakspakkane vi har sett til no, og om eitt idrettslag blir ramma, kan det i verste fall bli konkurransevridande.

Hall 1, altså den gamle Oshallen, blir berre brukt til handball, mens den nye dobbelhallen blir brukt av fleire idrettar. Hall 1 er òg arena for Os Turn si handballfritidsordning - og det er den einaste av dei tre hallane på Kuventræ kor det er lov å bruka klister.

– Som kjent er det ungdom og vaksne som bruker klister. Om 15-16-åringane, som frå før er ei aldersgruppe som vi jobbar ekstra hardt for å hindra fråfall, skal få dårlegare treningsforhold - ja, så er det dårleg politikk, synest sjefen på Nore Neset.

Både Jacobsen og Hesthamar ramsar opp fleire andre lokale som kunne vore brukt, for eksempel skulane sine gymnastikksalar i ei rullering.

– Vi har tid til dialog og omstilling

Kommunedirektør Christian F. Fotland viste oss vidare til assisterande direktør Nils-Petter Borge med spørsmål om hallbruk og alternativ. Vi har ikkje lykkast i å nå verken Borge eller den handballfrelste ordføraren vår i dag, men assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale svarer.

– Det er heilt greit at du tar det med meg, for etter at Borge foreslo Oshallen som arena, er det eg og dagleg leiar i Os idrettspark som har halde dialogen og lagt planar, seier Dale.

Han innrømmer at han i planlegginga, eller i samband med testrunden då influensavaksina i haust blei sett i Oshallen, såg at det å ramma éin idrett og eitt idrettslag åleine no i 2021 kan bli ein konsekvens.

– Men eg ser poenget no, og eg ønskjer å gå i dialog. Heldigvis har vi godt med tid på oss, i veke 4 ligg vi an til å få 195 dosar. Då blir truleg 80 av desse sette i Oshallen frå 08.30 om morgonen, noko som betyr at vi er ferdige og pakka ned før lunsj.

– Skikkeleg massevaksinasjon blir det nok ikkje før i mars.

Samtidig er hall 1, Oshallen, ideell for massevaksinasjon.

– For det første ønskjer vi godt med plass, ikkje berre til å setja stikket, men til observasjonen etterpå. Avstand blir viktig, det hadde vore både trist og pinleg om vi hadde fått smittetilfelle under vaksinasjonen.

– I Oshallen kan vi dessutan få ei «éinvegskøyring» av folk, inn frå foajeen og ut mot dei gamle garderobane. Det viste seg òg at denne hallen hadde betre internettdekning enn dobbelhallen, seier Dale.

Dale understreker samtidig at leiar i Os idrettspark, Torbjørn Brattabø, har stilt alle hallane til disposisjon.

– I helsinga til idrettslaga og klubbane eg sendte ut før jul, sa eg òg at eg håper alle er innstilte på å dela byrden, seier Torbjørg.

Ho hadde då sett for seg at dei ulike idrettane skal byta på kven som trener kvar.

– Dette tar dessverre ikkje høgde for bruk av klister. Men samidig trener ikkje desse ungdomslaga kvar dag heller, så eg håper vi for til ein god kabal.

– Vi tilsette i Os idrettspark er i alle fall innstilte på å ta denne jobben med opp- og nedrigging av fasilitetar til vaksinasjon, sånn at hall 1 kan brukast mellom vaksinasjonsrundane, i staden for å stå avlåst frå morgon til kveld. Vi er òg innstilte på å gå i nærmare dialog om alternativ gjennomføring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.