Kultur | 02. okt. 2019

Skal vaksinera osingane med latter

Når lege og komikar Jonas Bergland kjem til Oseana, er det med ei klar forventning om å få publikum til å le. I tillegg har han eit stort håp om å omvenda eventuelle vaksinemotstandarar.

Skal vaksinera osingane med latter
Fredag  om halvanna veke står komikar og lege, Jonas Bergland, på scenen i Oseana. Han vil få folk til å le, og han vil omvenda eventuelle vaksinemotstandarar. (Foto: John Andresen / Stand Up Norge AS) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 02. okt. 2019 08:23

Fredag 18. oktober kjem komikar Jonas Bergland til Oseana med showet «Dr. Bergland bryter taushetsplikten.»

I tillegg til å være komiker, er Jonas Bergland praktiserande lege. Han fortel at erfaringane frå hans legevirke utgjer ein stor del av «Dr. Bergland bryter taushetsplikten».

– I forestillinga snakkar eg om alt frå at eg sladra då eg var liten, til historiar om pasientar eg har møtt i mi legepraksis. Eg tek for meg typiske problemstillingar i helsevesenet.

– Eg er også veldig ærleg på kven eg er, og er relativt open om mitt eige privatliv. Eg lettar ganske mykje på sløret i forestillinga, fortel Bergland.

Humor og alvor hand i hand

Bergland fortel at han sjølvsagt vil at publikum skal bli slått i bakken av hvor morosam forestillinga er, men det viktigaste er kanskje at dei sit att med ein tanke om at vaksiner er bra.

– Eg har ikkje fått nokre reaksjonar fra vaksinemotstandarar på innhaldet i forestillinga enno.

– Det synest eigentleg eg er veldig rart. Og litt skuffende, fortel Bergland.

Hemsko i skrivinga

«Dr. Bergland bryter taushetsplikten», er Berglands andre soloshow. Hans første forestilling, «Dr. Bergland og den alternative medisin», blei ein stor suksess både blant publikum og anmeldarar.

Akkurat det skulle visa seg å bli ein hemsko for Bergland i arbeidet med show nummer to. Ifølgje Bergland sjølv, lev myta om den vanskelege andreforestillinga i beste velgåande.

– I starten av prosessen var eg veldig motlaus og hadde eigentlig lyst til å kansellera heile prosjektet. Eg blei rett og slett umotivert fordi eg tenkte at det ikkje var mogleg å toppa den forrige forestillinga.

– Heldigvis losna det etter ein opptreden foran 15 personer på en klubb i Oslo. Då traff eg skikkeleg og fekk veldig god respons. Då fekk jeg trua attende, og skrivearbeidet blei mykje lettare.

Framleis billettar

Halvanna veke før showet i Oseana viser eit kjapt nettsøk at det i skrivande stund er ni ledige billettar til den første framsyninga.

Til ekstraframsyninga er om lag halvparten halvparten av billettane selde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.