Skal vera til hjelp for andre barn
Eventus Borgafjell barnehage har vore med å samla inn over 70.000 kroner til barnefamiliar i ein sårbar situasjon.
– På fredag i førre veke overrekte vi Barnas stasjon, Blå Kors, ein sjekk på 73.423,94 kroner, fortel Kjetil Tuvin-Hopen.
Hopen er styreleiar i Eventus, som driftar åtte barnehagar i Os, Austevoll og i Bergen.
– Vi har eit prosjekt som vi kallar «Eventus gir tilbake». Her lagar vi produkt som vi sel til dei føresette på FN-dagen. Kosthald og berekraft er satsingsområde for oss, så produkt som økologisk eplesyltetøy og tangsalt har vore med å samla inn pengane.
Skal vera til hjelp for andre barn
Hopen fortel at Eventus i fleire år har samla inn pengar til gode føremål, og at dei siste åra har Eventus sjølv vald kven som skal få pengane.
– I fjor gjekk pengane til Sykehusklovnene, og året før samla vi inn til Smøråsfjellets Venner som jobba med å få bygd ein gapahuk for ungar på Smøråsfjellet.
I år har Eventus-ungane samla inn over 70.000 kroner som går til Barnas stasjon.
Hopen fortel at Blå kors jobbar via Barnas stasjon for vanskeligstilte barn og deira familiar.
– Barnas stasjon er eit lågterskeltilbod for barnefamiliar i ein sårbar livssituasjon, og er i oppstartsfasen i Bergen og på Askøy. Tilbodet er tenkt å vera for familiar som har dårleg økonomi, og som kan ha gleda av å delta på ferieopphald og aktivitetar.
Overvelda mottakar
Før helga kunne Beate Moe Grimstad ved Blå kors motta ein rekordstor sjekk ved ei mottaking i Eventus Kvernslåtten barnehage i Fana.
Hopen fortel om ein overvelda mottakar.
– Det vart ei fin markering, og det var tydeleg at pengane kom både overraskande og overveldande på mottakarane.
– Vi vurderer fortløpande kven vi skal samla inn, og gje til, og det er ikkje umogeleg at vi vil finna mottakarar i Os i framtida. Årets sjekk er den største vi har gjeve vekk, og det er stas å notera seg at summen berre aukar for kvart år, avsluttar Hopen.