Lokal | 02. mai 2012

Skalla ned dørvakt

Funn av hund, bølle på essoen, bråk på buss og vanskeleg gjest på Irish Cat er blant det politiet var innom på tampen av langhelga.

Skalla ned dørvakt
Irish Cat. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mai 2012 09:38

Med 1. mai og fridag på ein tysdag blei det ei langhelg i finvêret for mange på Vestlandet.

Russen har nok fått ein strålande start på feiringa, einaste notat politiet har frå dei siste døgna er frå 21-tida måndag kveld, då det var fest i bil på Nordstølen.

På Irish Cat gjekk det hardare for seg kvelden før 1. mai.

– Det har vore ein del bråk dei siste månadane, det er dessverre ein del som er både vanskelege og valdelege, seier dagleg leiar Patrick de Castro.

Lagt i jern

Måndag blei ein gjest lagt i handjern og henta av ambulanse.

– Først nekta han å gå ut, så han måtte berast ned trappa. Då vi hadde fått han ut og han kom seg på beina så skalla han til den eine vakten, fortel de Castro.

Gjesten blei lagt i jern og henta, ikkje av politiet, men av ambulanse.

Bråk på Esso og på buss

Måndag kveld fekk politiet melding om bråk på buss mellom Os og Bergen.

– Eg har ikkje alle detaljane her, men dette ser ut som ei sak som blir følgt opp vidare, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

På essoen var det ein som kasta ting på ei rute. Ruta knuste ikkje, men politiet tok vedkomande med til lege for sjekk før han blei dimittert.

Tysdag i 18-tida fekk politiet melding om mogleg promillekjøring. Ein bil blei stoppa, men førar var edru.

Hund levert til Fant

Måndag ettermiddag blei sin svart labrador-liknande hund, truleg ein blandingshund, funnen åleine, varm og dehydrert.

– Hunden skal vera levert til Fant, seier Sperrevik.

Fekk frist til i går

Bilen som har blitt ståande igjen i over ei veke etter frontkollisjon i Åsen, som seinare er ramponert, skal vera fjerna.

– Om den ikkje er fjerna i dag så vil vi få avtale med grunneigar, fjerna den og vraka den. Bilen blei selt kort tid i forvegen av ulykka og eigar har fått pålegg om fjerning med frist til i går, opplyser Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.