Sport | 07. juli 2012

Skap folkefest!

Oppmodinga frå ordførar og arrangør er klar. - Bli med på å skapa folkefest og ei fantastisk ramme på Osøyro sundag!

Skap folkefest!
Stemneleiar Kjersti Tysse Plätzer gler seg til sundag og prøvegjekk oppløpet til ære for Midtsiden fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 07. juli 2012 16:49

Sundag går Erik Tysse eit av sine viktigaste løp då han skal freista å kvalifisera seg til OL på 20 km kappgang.

- Det er ikkje berre for Erik dette løpet er viktig.

- Mellomanna kjem det to sveitsiske systre som kjempar om éin OL-plass. To finske venninner gjer det same, fortel stemneleiar Kjersti Tysse Plätzer.

Lovar folkefest i sentrum

At det blir eit fartsfylt og intenst løp av høgste internasjonale klasser er stemneleiaren sikker på med dei mange utøvarane som får si siste sjanse for ein Londontur gjennom stemnet på Os.

- No må osingane kjenne si besøkelsestid og støtta både Erik og dei andre som kjempar for å kvalifisera seg.

Les óg: -Eg gler meg veldig!

- La oss vise heile verda at Os også er ei idrettsbygd kor vi stiller opp og kan laga folkefest, oppmodar ordførar Terje Søviknes.

- Det betyr utruleg mykje for utøvarane om det er skikkeleg trøkk rundt løypa. Det er då det er gøyest, supplerar stemneleiaren som håpar publikum vil gje skikkeleg lyd frå seg.

Berre for ordens skyld. Arrangementet er gratis. Arrangørane sel eigne stemne T-shirts til 100 kroner.

Alle kjem

Os kommune er medarrangører av stemnet saman med Søfteland IL og Norna-Salhus. Mellomanna sundagsopnar dei rådhuset for media og utøverar.

- Alt av media har varsla at dei kjem. Mellomanna skal NRK senda direkte i Dagsrevyen rett etter stemneslut, fortel Tysse Plätzer.

Snudde løypa

Løperane skal gå ei rundløype i Os sentrum på 1 km. Opprinnelig var planen at dei skulle starta med å gå opp Landboden, snu og koma tilbake over torget for så å runda rundt sparebanken og koma tilbake til Torget og passering/målgang via Brugata.

Då Midtsiden står på torget fredag ettermiddag saman med stemneleiaren byrjar ho å sjå på at kanskje det hadde blitt betre for både publikum og media å snu løypa slik at målgang blir frå Landboden mot Torget.

Laurdag kom stadfestinga.

- For å gjera det enno meir publikumsvennlig har vi bestemt at målgang blir som vi snakka om i går slik at vi får eit langt og fint oppløp ned Landboden, smilar Tysse Plätzer.

På torget vil Atle Tellevik stå som speaker for å halde publikum oppdatert på rundetider og korleis utøvarane ligg ann i høve til kvalifiseringskrava.

1 km på fire minutt

OL-kravet Erik Tysse må klara er å gå dei 20 kilometrane på 1.21.45, noko som gjer ei rundetid på 4 minutt og 5 sekund.

- Når du ser kappgang på TV ser det kanskje ikkje ut som det går så fort, men eg kan lova deg at går du ein kilometer på fire minutt, så går det unna.

Sidan utøverane går ei rundløype på ein kilometer betyr det at du i snitt får sjå kvar utøvar annankvart minutt om du står midt i løypa.

- Kva anna løp ser du utøvarane så ofte, undrar Tysse Plätzer.

Imponerande Jamie

Når vi spør kven av utøverane stemneleiaren sjølv kjem til å helde eit ekstra auge med i tillegg til bror Erik er ho klar.

- Irske Jamie Costin!

- Han knakk ryggen i ei bilulykke på veg heim frå trening rett før OL i Athen i 2004. No kjem han til Os for å prøve å kvalifisera seg til OL på ny 8 år etter ulukka.

- Når han viser at det går ann å kjempa seg attende etter ei så alvoleg ulukke håpar eg det kan vera til inspirasjon også for andre som kan ha det tungt innimellom anten dei er idrettsutøvarar eller det er andre ting som gjer at dei opplever ei krise, avsluttar Kjersti Tysse Plätzer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.