Lokal | 11. jan. 2021

Skaparstovo skadd av lekkasje i Oshjørnet

– Det er ganske omfattande, seier Daniel Lloyd Klafstad.

– Vatnet piplar ned fleire stadar.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. jan. 2021 16:28

Måndag ettermiddag blei det oppdaga ein vasslekkasje i Oshjørnet.

– Ein av medlemmane våre oppdaga lekkasjen og ringte meg. Vi har varsla vidare til Os Bygg og Eigedom, fortel Daniel Lloyd Klafstad.

Han er ein av leiarane i Skaparsovo Bjørnafjorden Makerspace, som opna på gateplan i Oshjørnet i august 2020.

– Vatnet kjem frå ein av etasjane over. Det dryp framleis fleire plassar, blant anna ned på sikringsskap og ned på utstyr og varer vi har i lokalet.

Varer og utstyr er skadd etter lekkasjen på loftet.

– Ingen dramatikk

Dagleg leiar i det kommunale selskapet som eig bygget, Ottar Randa, seier rørleggar er ferdig på staden.

– Det er ingen dramatikk! Årsaka var at eit vassrøyr på loftet, som skulle vore kopla ut for lenge sidan, hadde hoppa av. Dette er fiksa no.

– Det var litt vatn nedover i etasjane, men det meste er no tørka ut. Det vil drypa litt i eit døgn til, så skal alt vera greit.

Fryktar kostnadar og flytting

Skaparstovo, som er midlertidig brukar av den eine etasjen av bygget som kommunen vil rusta opp, har sidan opning sett etter noko meir permanent.

Teknisk rom er vått, men straumen står framleis på.

– No ser det ut som om dette må framskyndast. Eg veit ikkje om vi kan vera her vidare, for bygget ser prega ut. Det er til og med teikn på lekkasje på utsida av bygget.

– Eg er òg spent på kor omfattande skadane på utstyret er. Både PC-ar, fargeplottar, tekstil og andre råvarer er skadd, fortviler Klafstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.