Lokal | 01. nov. 2018

– Skapte engasjement og gode samtalar

Rosa BH-lenkene blir i dag tatt ned. Er susp det neste?

– Skapte engasjement og gode samtalar
William Lindborg tar i dag ned lenkene som har pryda sentrum sidan 22. oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. nov. 2018 09:12

Oktober og Rosa Sløyfe-aksjonen er over for i år. Os sentrum, som for første gong har vore pryda av fleire lenkjer med BH-ar, går no tilbake til normalen.

Samtidig startar Movember, den internasjonale kampanjen som skal skapa merksemd krink menns helse generelt, og prostatakreft, testikkelkreft og psykisk helse spesielt.

– Ja, vi har snakka om det, men eg har ikkje byrja å legga boksarshortsar til side, eller bedd kampsportutøvarar donera susp, seier leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg.

Sentrumsforeininga har samarbeidd med Os kommune om auka fokus på Rosa Sløyfe-aksjonen, noko som i år leia til dekorering av gatene og butikkane i sentrum.

– BH-ar er både enkle å henga opp og ganske dekorative, men det er ikkje umogleg at det seinare år vil bli gjort noko for å retta fokus på menn òg.

Førebels blir det å lata barten gro.

Grobotn for gode samtalar

I Os sentrum har det vore moteshow 2. oktober, dekorering med BH-lenker frå 22. oktober og «Rosa Tysdag», eit større arrangement med talar, musikk og meir mote tysdag 23. oktober.

• Les òg: Fjerna begge brystene som 25-åring - skal starta Bjørnafjorden brystkreftsforening

– Å snakka om sjukdom kan bli opplevd som privat og noko tabubelagt. Har nokon reagert negativt på BH-stuntet?

– Ikkje som eg har fått med meg, snarare tvert imot. Humor kan vera til hjelp, det viser også talane av dei som har vore kreftramma. BH-lenkene har vore med på å gi grobotn for gode samtalar, og det er tydeleg at mange synest det er godt å snakka om noko anna enn vêret.

Dei donerte BH-ane blir no lagt på lager. Sjansen for at dei kjem opp igjen til neste år er stor.

– Det er kjekt å kunna bruka Osøyro til ulike arrangement og til støtte for forskjellige kampanjar. Baldakinane, som gjer så god nytte for seg, er dessutan godt eigna til yttarlegare dekorering. Det er nok uansett ikkje siste gong det heng ting under glastaka i sentrum, seier Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.