Handball | 25. jan. 2024

Skåra 10 mål i går

Anna Bjørke Kallestad bøttar inn med mål for Os. I går vann dei med «berre» tre mål.

Skåra 10 mål i går
Anna, her i timålssiger over Florø 13. januar, skåra 10 mål borte mot Bønes i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. jan. 2024 09:23

– Pia og Anna er garantistar for mange mål. Dei har høgt toppnivå, men òg høgt botnnivå, sa trenar Emil Fjær etter førre kamp.

I går tok Os sin 10. siger på rad. Borte mot Bønes blei det 29-32 (16-21), og Os held seg med andre ord på 2. plass på tabellen.

Anna Bjørke Kallestad skåra 10 mål i kampen, Pia Kjelsrud Johansen skåra 9 (8 + 1 frå 7 meter).

  • Anna er 1 mål bak toppen på toppskårarlista i avdelinga - med 2 kampar mindre spelt. Ho ligg på 2. plass med 82 nettkjenningar, 1 av dei frå 7 meter. Snittet på 7,5 mål per kamp (!) er òg nest best.
  • Pia ligg på 4. plass med 78 mål (63 + 15) og eit snitt på 6,5 per kamp.

Kampen i går var jamn fram til 10-11, så drog Os ifrå til 10-16 og heldt seg framfor kampen ut.

Tre spelarar hadde tre mål kvar mot Bønes i går; Marie Storum Vik, Emilie Hjertnes Halhjem og Emma Yael Husebye.

Neste kamp skulle gått heime mot Årstad allereie laurdag, men denne er utsett til 3. mars.

Neste kamp no er borte mot Florø laurdag 3. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.