Skåra 19 mål på eitt døgn

Jørgen Wold briljerer i comebacket: Os har tatt tre poeng på sesongens to første kampar.

Jørgen Wold i steget i sesongens første heimekamp. Os slo NHHI med ti mål. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. sep. 2018 09:41

Bildeserie:

Nils Andris Hamre skåra 6 på søndag og eitt på måndag. (Foto: KOG)
Spelande trenar Alexander skåra 5 mål i går. (Foto: KOG)
Han har i år signert pappa Øyvind Heggø (t.h.). (Foto: KOG)
Nils Andris Hamre skåra 6 på søndag og eitt på måndag. (Foto: KOG)
Spelande trenar Alexander skåra 5 mål i går. (Foto: KOG)
1 av 3
Spelande trenar Alexander skåra 5 mål i går. (Foto: KOG)
Han har i år signert pappa Øyvind Heggø (t.h.). (Foto: KOG)
Nils Andris Hamre skåra 6 på søndag og eitt på måndag. (Foto: KOG)

Søndag opna herrelaget til Os sesongen med bortekamp mot Åsane.

Det gjorde dei i fjor òg.

Då enda det med tap 37-10, søndag blei det 23-23.

Jørgen Wold, som prioriterte dømming førre sesong, er tilbake på Os og skåra 11 av Os sine 23 mål. Nils Andris Hamre skåra nest mest med 3 mål.

– Eg held fram med å dømma i 2. divisjon, men det var veldig kjekt å spela igjen, synest Jørgen.

Vann første heimekamp med 10 mål

Måndag kveld var første heimekamp. Den gjekk mot NHHI. I fjor tapte Os begge kampane mot NHHI, borte 43-17, heime 26-29.

I går vann Os med ti mål, 32-22.

Wold skåra 8 mål, Isak Røen 9 og Trygve Lerch Dahl 6.

Pappa Heggø er med

– Jørgen er kanskje den 3. divisjonsspelaren i regionen som er i best form, og har mykje å seia for laget. Samtidig var kampen i går ein skikkeleg lagsiger, meiner spelande trenar Alexander Heggø.

Sjølv har Alexander skjerpa formen, gått ned rundt 20 kilo og tatt med seg pappa, tidlegare eliteseriespelar Øyvind Heggø (49).

– Han har rutine og er god å ha med. No har vi ei blokk på fire forsvarsspelarar som til saman veg 400 kilo. Når i tillegg Einar Godø, Isak Røen og Trygve Lerch Dahl er på frå sesongstart, og ikkje bruker 4-5 kampar på å koma i gang, så går det bra. Godø har hatt to veldig gode kampar no, synest Heggø.

Svak oppkøyring

Både Heggø og Wold fortel om dårleg oppkøyring og svakt oppmøte på trening før sesongstart.

– Eg har faktisk berre vore på éi trening. Då spelte vi fotball i 50 minutt før vi gjekk heim, fortel Jørgen og ler.

– Men eg har halde meg i form utanom, med løping og styrke, legg sjefen på Actic til.

Heggø seier laget har gått ned til éi trening i veka, men at oppmøtet likevel har vore dårleg.

– Når vi no har gått ned til éi trening bruker eg éin dag i veka til å vera med som trenar for 14-15-åringane. Det er veldig kjekt, og det kan dessutan vera nyttig å følgja dei som er på veg opp.

Sondre Midtbø (16) si første skåring

Mens Mads Brunvatne er vekke på skule og Kasper Maltun er ute med armbrot fram til jul, er Peder S. Jentoft og Sondre Midtun dei yngste på Os.

– Sondre hadde vore med oss i fjor om han var gamal nok, men fylte 16 år først på forsommaren. I går skåra han sitt første mål på herrelaget.

Erik Vågen er ikkje med vidare, Joakim Blostrupmoen er usikker. Det kan òg henda at Os må klara seg utan Ove Lyssand, som også var lite med i førre sesong.

– Sindre Lom er med oss litt, og eg håper han held fram utover sesongen. Vi er ikkje så mange, men så lenge oppmøtet til kamp er betre enn det var på trening i oppkøyringa, så trur eg vi kan ta fleire poeng enn i fjor, seier Heggø.

– Bør halda oss i 3. divisjon

Førre sesong landa Os på 9. plass av 10 lag, men unngjekk nedrykk.

Både toppskåraren og trenaren meiner veteranane må jobba for at Os held herrelaget i 3. divisjon.

– I 4. divisjon er tempoet for låg og skaderisikoen for høg til at det er ein god nok arena for dei yngre. Når dei som er 14-15 år i dag er klare for seniorhandball, bør Os ha eit tilbod i 3. divisjon, seier dei to.

Os sin neste kamp går heime mot Gloppen søndag 30. september (kl 12.30).

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.