Fotball | 18. okt. 2020

Skåra fem (!) mål på bortebane

Elias fann nettmaskene igjen. Og igjen.

Skåra fem (!) mål på bortebane
Tysdag blei det mykje nesten heime mot Brann, fredag skåra Elias fem borte mot Gneist. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. okt. 2020 12:34

Os junior leia i starten og imponerte i periodar heime mot tabelltoar Brann tysdag. Men kampen enda 3-7.

Fredag var det ny runde i 1. divisjon, då borte mot Gneist.

Vertane sto med 2 sigrar på 6 kampar før kampstart, Os med berre eitt poeng på dei første 4. Begge har spelt mot topplaga Fyllingsdalen og Brann i dei første rundane.

Steffen Kvamsdal fekk sin første kamp på lenge, då det no er opna for å ta med nokre 20-åringar på det skjerpa juniornivået.

Gneist - Os 1-6 (1-3)

Rutinerte Kvamsdal sendte òg Os i leiinga.

– Han påsto at han var rusten, men eg synest han gjorde det veldig bra, seier Elias Heggland Myrlid.

Sjølv skåra han dei neste fem måla til Os.

Elias auka til 0-2 og 1-3 på to straffar før pause, den eine etter at Kristoffer Røttingen blei felt, den andre etter at Elias sjølv gjekk i bakken.

I andre omgang blei det ekte hatrick.

– Eg har skåra fem mål på éin kamp før, men det var i 2. divisjon junior. Det var endå kjekkare å gjera det på dette nivået.

– Samla sett var vi gode! Det var ikkje dårleg stemning i gruppa etter tapet for Brann, vi klarte å ta med oss mykje av det positive vi presterte. Gneist passa oss bra. Dei la seg nedpå, men gav oss ein del rom som vi brukte bra, synest Myrlid.

Os sin neste kamp går borte mot Bjarg allereie førstkomande tysdag - laurdag (kl 17) ventar heimekamp mot Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.