Sport | 14. des. 2011

Skåra i debuten

16-åringen Vilde Fyllingen debuterte for Os sitt damelag med skåring. Kampen enda uavgjort.

Skåra i debuten
Vilde Fyllingen (16) skåra då ho debuterte mot Årstad 2 for Os sitt damelag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 14. des. 2011 09:18

Os avslutta haustsesongen med borteoppgjer mot Årstad 2. Ein kamp dei burde ha vunne, men Årstad ville det annerleis.

- Vi startar kampen bra og speler god handball, men går litt tomme, oppsummerar Ostrenar Torbjørn Bøthun.

Os tok raskt leiinga og var oppe i 5-1 før Årstad fekk sukk for seg. Men dei Årstaddamene vist at dei ikkje hadde tenkt å gje seg og åt seg innpå utover i omgangen. Til pause var dei forbi og leia 13-11.

God figur i debuten

Kampen var debuten for 16-årige Vilde Fyllingen. I helga var ho med å ta seks poeng i den nasjonale Bringserien, tysdag fekk ho prøve seg med dei beste damene.

- Vilde gjer eit flott innhopp og får seg eit mål.

- Ho kjem absolutt frå debuten på A-laget med æra i behald, meiner Bøthun.

Fyllingen har tidlegare i haust spelt med 2. laget til Os i 4. divisjon.

Dårleg trent?

Andre omgangen startar som den første med Os i føringa. Leiinga til Årstad blir raskt utligna og Os ligg føre med både fire og fem mål.

- Dessverre gjer vi altfor mange tekniske feil og kastar bort ballen, noko som gjer at Årstad får redusera.

- Det verkar som vi ikkje klarar å halde pesen oppe gjennom heile omgangen. Om det er at vi er dårleg trent eller om det er sjukdom som gjer det er eg ikkje sikker på.

- Uansett skal vi nytte julepausa godt til mykje løping og god trening, avsluttar Torbjørn Bøthun.

Årstad2-Os 26-26 (13-11)
Utvisningar: Årstad 2x2 min, Os 3x2 min
Os sitt lag: Eva Kristiansen, Susann Rosvold, Irene Tangerås 3, Elise Hjelle 8, Hilde Kristine Røttingen 1, Line Borsholm 7, Caroline Cook, Tonje Hjertnes 5, Trine Balland 1, Vilde Fyllingen 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.